Mary Teresa Decker () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister både på 1500 meter og 3 000 meter under friidretts-VM 1983 i Helsinki.

Aktiv Gjennom 1982-sesongen sette Decker seks verdsrekordar på ulike løpsdistansar, frå ei engelsk mil opp til 10 000 meter. I juli 1983, under eit stemne i Stockholm, sette ho USA-rekord på 1500 meter med tida 3.57,1, ein rekord som stod i 32 år. Ved den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i august 1983, vann Decker gullmedaljen på 3 000 meter, etter å ha slått vesttyske Brigitte Kraus og sovjetiske Tatjana Kazankina, dei to andre medaljevinnarane, med eit halvt sekund. Fire dagar seinare tok Decker VM-gull nummer to, då ho heilt på slutten av oppløpssida på 1500-meteren passerte leiande Samira Zajtseva, som stivna og fall over målstreken.

Decker mislukkast under Sommar-OL 1984 på USA-amerikansk heimebane. Året etter sette ho personlege rekordar på 800 meter med 1.56,90, oppnådd i Bern, og i Roma på 3000 meter med tida 8.25,8.

Doping I 1996 vart Decker i ein test avslørt med for høgt nivå av testosteron og der etter utestengd i to år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Gullmedaljar på 1500 m – 4.00,9 og 3000 m – 8.34,6 OL 1984 i Los Angeles: Braut 3000 m – nr 11 OL 1988 i Seoul: Nr 8 på 1500 m – nr 10 på 3000 m OL 1996 i Atlanta: Utslått på 5000 m og sidan annullert

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mary Decker» frå , den 5. november 2018.

World Athletics

Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Dopingsaker i friidrett