mini|Ecce Homo («Sjå mennesket!»), Antonio Ciseri si tolking av Pontius Pilatus som viser fram ein piska Jesus frå Nasaret til innbyggjarane i Jerusalem. Pontius Pilatus var ein romersk guvernør eller prefekt i Palestina, den dåverande romerske provinsen Judea, frå år 26/27 til rundt år 36/37 e.Kr under keisar Tiberius.Lendering, Jona: «Judaea», Livius.org. Han er mest kjend frå Bibelen der han er den som tok den endelege avgjerda om krossfestinga av Jesus.

Dei biografiske detaljane om livet hans før og etter stillinga hans i Judea er stort sett ukjende, men har vorte utvida av legendarisk material som hevdar at namnet til kona hans var Procula (ho er kanonisert som ein helgen i Den ortodokse kyrkja) og i nokre versjonar at fødestaden hans var i Fortingall i Perthshire i Skottland. Pilatus sjølv er ein helgen i Den etiopiske ortodokse kyrkja.

Ein antikk inskripsjon som er kjend som Pilatus-steinen, stadfestar utover den bibelske omtalen at han var ein historisk figur og etablerer tittelen hans som prefekt. Han er i tillegg kortfatta omtalt av Tacitus, Filon av Alexandria og Josefus, i tillegg til dei fire kanoniske evangelia; Apostelgjerningane; Paulus’ fyrste brev til Timoteus; Nikodemusevangeliet; Markionevangeliet, og andre apokryfiske verk. Basert på desse kjeldene verker det som om Pilatus var ein equites frå familien Pontii (gens Pontia), og etterfølgde Valerius Gratus som prefekt av Judea i år 69. Like etter at han byrja i stillinga fornærma han dei religiøse kjenslene til undersåttane sine, noko som førte til hard kritikk frå Filon, og mange tiår seinare også frå Josefus, som skreiv om det rundt år 93.Flavius Josefus: Ioudaike archaiologia (Jewish Antiquities, Jødisk oldtid), 18.89. Pilatus blei avsett og send tilbake til Roma av Lucius Vitellius etter å ha slått ned eit opprør av samaritanarane med harde middel. Han kom tilbake like etter at Tiberius døydde den 16. mars i 37. Pilatus blei erstatta av Marcellus, ein venn av Lucius Vitellius.

I alle dei fire evangelia er det framstilt som at Pilatus prøvde å hindra avrettinga av Jesus, og først bøygde seg då menneskemengda nekta å gje seg. Han søkte deretter å seia frå seg personlig ansvar for Jesu død. I Evangeliet etter Matteus vaska Pilatus hendene sine for å vise at han ikkje er ansvarleg for avrettinga av Jesus, og sende han deretter motvillig i døden.Harris, Stephen L. (1985): Understanding the Bible. Palo Alto: Mayfield. I Evangeliet etter Markus er Jesus framstilt som uskyldig i å driva samansverjing mot Romarriket og framstiller Pilatus som motvillig i å avretta han. I Evangeliet etter Lukas er Pilatus ikkje einig i at Jesus har konspirert mot Roma, men heller ikkje Herodes Antipas, tetrarken av Galilea, fann noko forrædersk i handlingane til Jesus. I Evangeliet etter Johannes uttalte Pilatus at «Eg finn inga skuld hos denne mannen,» og han spurte jødane om Jesus burde bli lauslaten frå varetekt.«John 18:38–39 ESV – My Kingdom is Not of This World», Bible Gateway.

Namn og titlar mini|venstre|Bronsemynt (prutah) prega av Pontius PilatusMotsett: Greske bokstavar ΤΙΒΕΡΙΟΥ ΚΑΙΣΑΡΟΣ (av Tiberius Cæsar) og datert LIS (år 16=29/30 e.Kr.) omgjeven av simpulum (drikkofferause).Motstykke: Greske bokstavar ΙΟΥΛΙΑ ΚΑΙΣΑΡΟΣ (Julia, Cæsars (keisaren) (si mor Livia/Julia Augusta), tre bundne bygghovud med dei ytre hovuda hengande.

Ein inskripsjon som er vorte funnen ved Caesarea Maritima (som ligg ved kysten mellom Tel Aviv og Haifa i dagens Israel) kallar Pontius Pilatus for prefekt av Judea,Vardaman, Jerry (1962): «A New Inscription Which Mentions Pilate as 'Prefect'», Journal of Biblical Literature. 81, s. 70–71. medan Tacitus omtalar han som promagistrat av denne provinsen.Tacitus: Annaler, 15.44

Førenamnet til Pilatus er ikkje kjent. Det fanst ikkje meir enn ca. 20 romerske gutenamn i bruk, men anten han har fått førenamnet Gaius eller Markus, ville familienamnet ta over etterkvart som han voks opp. Familienamnet Pilatus tyder 'spydkastar'. Pilum var ein type spyd med treskaft på ein til fem fot med smalnande spiss av jarn. Når denne bora seg inn i skjoldet til ein fiende, bøygde skaftet seg og vart hengande ned, slik at ein ikkje kunne kasta spydet attende.«Pilate», WiktionaryWroe, Ann (2001): Pilate, New York: Modern Library, ISBN 0-375-75397-4

Ein kjenner heller ikkje namnet på kona til Pilatus frå Bibelen. Ho opptrer berre i eit enkelt avsnitt i Evangeliet etter Matteus utan namn der ho prøver å overtala ektemannen sin til å ikkje dømma Jesus til døden ettersom ho hadde hatt ein drøm om han.

Rolla til Pilatus i verdslege oppteikningar venstre|mini|Ein standard romersk denarius av sølv

Det meste som ein veit om Pilatus som ikkje står i evangelia kjem frå skriftene til den jødiske historikaren Josefus (ca. 37–ca. 100 e.Kr.). Pilatus skal ha vist ein mangel på forståing for jødiske kjensle, og Josefus gjev to døme:

Då soldatane under Pilatus sin kommando kom til Jerusalem lét han dei bera flagga sine med seg og med det vanlege biletet av keisaren. Flagga vart frakta inn om natta, men vart raskt oppdaga og jødane strøymde i store mengder til Caesarea for å få dei fjerna, fordi dei oppfatta dei som krenkande. Pilatus overhøyrde protestane i fem dagar, men den neste dagen lét han høyra på klagene. Han lét jødane omringast av soldatar og truga med at dei skulle drepast om dei heldt fram å plaga han med dette spørsmålet. Jødane kasta seg til bakken, blotta nakkane sine og erklærte at dei føretrekte døden framfor å vanheilage lovane sine. Pilatus som ikkje var lysten på å drepa så mange, gav etter og fjerna flagga.

Josefus namngjev ikkje leiaren av den ikkje-valdelege motstanden, men i Testimonium Flavianum (eit verk som enno er omdiskutert om er ekte) berre fire vers seinare fortel han at Pilatus gav ordre om krossfesting av ein som vart kalla for Jesus. Det har difor vorte argumentert at leiaren for opprøret var Jesus av Nasaret, men religionshistorikarar har gjeve lita vekt til denne slutninga.

Filon frå Alexandria, eller Philo Judaeus, har slege fast at ved eit anna høve dediserte Pilatus nokre forgylte skjold til ære for keisaren på palasset til Herodes Antipas. Desse skjolda var ikkje ein representasjon av noko som var krenkjande eller forbode, men berre ein inskripsjon av namna til Pilatus sjølv og keisaren. Jødane oppsøkte han likevel for å få dei fjerna, og då han nekta appellerte dei til keisar Tiberius sjølv som gav ordre om at hyllesta skulle flyttast til Caesarea.

Pilatus skal ha tvangsinndrege økonomiske middel som fall til tempelet for å byggja ein akvedukt, noko to nedteikningar hjå Josefus syner:

Ved eit anna høve brukte han dei heilage skattane til tempelet, kalla for corban (qorba), til å betala for å frakta vatn inn i Jerusalem ved ein akvedukt. Ei menneskemengd kom saman og kom med høglydte krav mot han, men han hadde late soldatar kledast som sivile for å blanda seg i mengda, og på eit gjeve signal kasta dei seg over opprørarane og banka dei såg hardt med stokkar at opprøret vart knust.

Pilatus kan moglegvis ha reagert så strengt mot dei urolege sidan at dei romerske naboprovinsane ikkje var i stand til å gje han militær støtte.

I tida rundt 36 e.Kr. nytta Pilatus arrestasjonar og avrettingar for å knusa noko som synest å ha vore ein samarittisk, religiøs våpenprosesjon som kan ha vore tolka som eit opprør. Etter klager til Vitellius, den romerske legaten i Syria, vart Pilatus kalla attende til Roma for å forsvara seg sjølv, og ifølgje soga skal han ha teke livet av seg. Noko slikt sjølvmord har inkje historisk grunnlag. Ifølgje Eusebius vart han derimot forvist til Vienne i Gallia (Frankrike), medan han ifølgje med Malalas-krønikene vart halshoggen under keisar Nero.

Pilatus i dei kristne evangelia mini|'Jesus Kristus vert ført fram for Pilatus' (1881) av Mihály Munkácsy Ifølgje Det nye testamentet vart Jesus ført fram for Pilatus av dei jødiske autoritetane i Jerusalem etter at dei hadde arrestert og forhøyrt han, og fått svar som dei meinte var blasfemiske.

Pilatus spurde Jesus om han såg på seg sjølv som «Kongen til jødane».

I det påfølgjande forhøyret ved Pilatus, i følgje Johannesevangeliet, slo Jesus fast at han er «komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.». Til dette svarer Pilatus med spørsmålet «Kva er sanning?»

Pilatus tilbyr jødane valet mellom å lauslata ein fange i samsvar med Pesach-tradisjonane, den jødiske påska, og dei vel å lauslata ein forbryt ved namn Barabbas framfor Jesus. Markusevangeliet gjer det klårt at Pilatus hadde følgt konflikten mellom Jesus og prestane, og var av den formeining at den botna i avundsjuke. Han innsåg at Jesu «kongedømme» ikkje innebar nokon trussel mot Roma. Opplært til å utøva det romerske mandatet («debellare superbos eit parcere subjectis» – slå ned dei hovmodige og spara dei underlegne) var Pilatus heile tida overtydd om at Jesus var uskyldig i dei tiltalene som vart bringa mot han, og fortente ikkje nokon dødsstraff. Berre då han vart konfrontert med valet mellom si eiga politiske framtid og Jesu si lauslating, bøygde Pilatus seg for kravet til folket og tillét at Jesus vart korsfesta. Pilatus’ eigen avsmak vert vist i at han hånar dei tilstadeverande ved å seia: Kva vil de då eg skal gjera med han som de kallar jødanes konge? Svaret til prestane er Vi har ingen annan konge enn keisaren, noko som er ein tvilsam påstand ved at Judea sidan år 63 f.Kr. hadde vore ein uavhengig nasjon i allianse med Roma, og ikkje ein provins erobra av Roma, og det gav Pilatus ei slag unnskyldning for å setja lovas bokstav til side for eiga personleg vinning.

Markusevangeliet fortel at før Pilatus dømde Jesus til døden, vaska han hendene sine føre menneskemengda som kravde Jesu død, og sa: Eg er uskyldig i denne mannens blod.

Spørsmålet om ansvaret for Jesu død I alle oppteikningar i Det nye testamentet nølte Pilatus med å dømma Jesus inntil menneskemengda insisterte. Nokon har foreslått at dette kan ha vore eit forsøk frå tidlege kristne polemikarar på å stilla romarar i eit heldig lys, ved å leggja ansvaret for Jesu død på jødane, og at det var ein del av ein plan hos dei Paulus-trudde kristne, med det føremålet å marginalisere den jødisk-kristne sekta som vart kalla for ebionittane.

Seinare, etter at den romerske staten avslutta sin forfølging av kristne, tok kyrkja i bruk Den nikenske truvedkjenninga (frå år 325 og Det første kyrkjemøtet i Nikea, samankalla av keisaren sjølv). Der vart det slege utvitydig fast at Jesus «var krossfesta under Pontius Pilatus». Det kristne Roma var dermed førebudd på å kritisera sjølv relativt nylege handlingar av ein heidensk romar. Andre har føreslått at hovudårsaka for inkluderinga var å slå fast overtydinga om at Jesus var eit ekte menneske som levde på eit særskilt tidspunkt og på ein særskild stad.

Pilatus i mytologien Det finst liten faktisk kunnskap om Pilatus, men mytologien har fylt hola på sin måte. Fiktive hendingar har vorte bygde rundt Pilatus sin dramatiske skikkelse frå kristne som ynskte å læra meir enn kva dei kanoniserte evangelia avsløra.

Mytisk fødestad i Skottland Ei munnleg forteljing i Skottland held fast på at Pontius Pilatus vart fødd i Fortingall ikkje langt frå Kenmore i Perthshire, som ligg i den austlege enden av dalen Glen Lyon og 13 km vest for Aberfeldy. Etter sigande var faren ein romersk offiser som vart send som ambassadør på eit fredsoppdrag til den piktiske kongen Metellanus som styrte frå år 10 f.Kr. og til 29 e.Kr., og oppheldt seg i festninga Dun Geal overfor dagens Fortingall. Arkeologane har funne restane av eit romersk fort i utkanten av landsbyen. Her skal romaren ha involvert seg med ei lokal kvinne, kanskje frå Metellanus sitt eige hus, og resultatet vart ein son som vart fødd på staden. Ambassadøren tok seinare familien med seg tilbake til Roma.

Eit folkeminne i Tyskland fortel at fødselen hans var i Forchheim, eller i ein liten landsby kalla Hausen som ligg fem kilometer frå denne.