William Holden () var ein amerikansk skodespelar.
Holden vann Oscar for beste mannlege hovudrolle for rollen som sersjant J.J. Sefton i krigsfilmen Dronningen slår begge veier (1953). Han vann ein Primetime Emmy Award for rolletolkinga si i TV-filmen Politirapport (1973). Holden har òg spelt i filmar som Sunset Boulevard (1950), Sabrina (1954), Picnic (1955), Broen over Kwai (1957), Den ville gjengen (1969) og Network (1976).
Holden har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart han kåra til tidenes 25. største mannlege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Holden» frå , den 15. desember 2018.
Bakgrunnsstoff William Holden Wildlife Foundation
Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Illinois