mini|Dei ni musene: Erato, Evterpe, Kalliope, Kleio, Melpomene, Polyhymnia, Terpsikhore, Thalia, og Urania. Ni lyriske poetar var ei gruppe poetar frå Hellas i antikken som blei rekna som ein litterær kanon av lærde i Alexandria under hellenismen. Det fanst også ei tilsvarande liste over ti oratorar. Talet 9 spegler dei ni musene som ein rekna som inspirasjon for kulturen.

Liste Dei ni lyriske poetane var:

Alkma (600-talet f.Kr.) frå Sparta, korlyrikk Sapfo (500-talet f.Kr.) frå Lesbos, monodisk lyrikk Alkaios (500-talet f.Kr.) frå Lesbos, monodisk lyrikk Anakreon (500-talet f.Kr.) frå Teos, monodisk lyrikk Stesikhoros (500-talet f.Kr.) frå Himera, korlyrikk Ibykos (500-talet f.Kr.) frå Rhegion, korlyrikk Simonides (500-talet f.Kr.) frå Kea, korlyrikk Bakkhylides (400-talet f.Kr.) frå Kea, korlyrikk Pindaros (400-talet f.Kr.) frå Theben, korlyrikk

Sapfo er den einaste kvinna på lista. Ho er også blitt omtalt som den tiande musa.

Korinna vert iblant rekna med som den viktigaste kvinnelege lyrikaren etter Sapfo.

Antipatros frå Thessalonike la fram ein alternativ kanon av ni kvinnelege diktarar.Fernandez Robbio, Matías S. (2014) «Musas y escritoras: el primer canon de la literatura femenina de la Grecia antigua (AP IX 26)». Praesentia, v. 15, 2014, pp. 1-9. ISSN (en línea): 1316-1857. (online)

Lyrikken til dei ni lyriske poetane I dei fleste greske kjeldene vert ordet melikos brukt frå melos «song»), medan nokre brukar lyrikos, som seinare vart det vanlege ordet på latin (lyricus) og i moderne språk. Sjangeren vart definert på grunnlag av metrisk form, ikkje innhald. Såleis vil nokre typar diktning som vert rekna som lyrikk i moderne litteraturkritikk ekskluderast, som elegien og iambus.

Diktinga til dei ni har tradisjonelt vorte kategorisert anten som korlyrikk eller som monodisk lyrikk. Dette skiljet er stilt spørsmal ved av ein del nyare forskarar.Cf. esp. M. Davies's "Monody, Choral Lyric, and the Tyranny of the Hand-Book" in Classical Quarterly, NS 38 (1988), pp. 52–64.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ni lyriske poeter» frå , den 18. november 2018.

Bakgrunnsstoff J. M. Edmonds: Lyra Graeca Wildside Press LLC, 2007 ISBN 1434491307

Kategori:Talet 9 Kategori:Kultur i gresk antikk