Hans Christian Lyche () var ein norsk forfattar og kritikar frå Oslo.
Lyche debuterte i 1911 med romanen Aske, deretter kom han ut med novellesamlinga Forlat os vor skyld i 1913, samt romanane Negteren i 1916 og Skyer i 1917. I 1922 hadde han suksess med komedien Himmelstigen, framført på Nationaltheatret. Som forfattar var han «en utpreget stilkunstner og psykolog, med sans for det særegne tilfelle». Lyche var elles medarbeidar 1912-19 i avisa Tidens Tegn, og frå 1923 teater- og litteraturmeldar i Norges Handels- og Sjøfartstidende, begge avisene kom ut i Oslo. Frå 1946 var han formann i Norsk litteraturkritikerlag.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957 Store norske leksikon
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske dramatikarar