Kari Skaar Brattset Dale () er ein norsk handballspelar frå Varteig i Sarpsborg, som vann sølvmedalje med Noreg i Handball-VM 2017. Ho er linjespelar, sidan sommaren 2018 aktiv i Györ frå Ungarn. Kari Brattset Dale var i 2020 ein sentral spelar på det norske landslaget som vann EM-gull. Perioden 2016-24 deltok ho i 132 landskampar og skåra 345 mål.

Klubbspel Brattset Dale spelte 2007-11 på Sarpsborg IL, 2011-14 på Fredrikstad BK, 2014-16 på Glassverket IF og 2016-18 på IK Våg. Brattset Dale vart norsk seriemeister 2018 med Våg Vipers.

Landslagsspel Brattset fekk sin landslagdebut mot Romania 13. mars 2016. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016. Sidan 2017 har ho vore med i alle meisterskapsturneringar til 2024, frårekna Handball-EM 2022 grunna barnefødsel. I denne perioden sanka ho VM-sølv 2017, EM-gull 2019, OL-bronse og VM-gull i 2021, VM-sølv i 2023 og olympisk gullmedalje i 2024. I Paris-OL 2024 vart ho elles kåra til turneringas beste linjespelar.

Merittar landslag VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark

Kjelder NIF-profil

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2019 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Sarpsborg