«Precious Angel» er ein song skriven av Bob Dylan og ført gjeven ut på albumet hans Slow Train Coming i 1979. Han kom ut på singel i Nederland.
«Precious Angel» er ein religiøs kjærleikssong. Under ein konsert i Seattle den 14. januar 1980 hevda Dylan at songen var til kvinna som førte han til kristendomen. Teksten inneheld mange referansar til Bibelen. Temaet i songen verkar å vere henta frå Paulus’ andre brev til korintarane 4:4 til 4:6, der lyset frå Kristus vert sett opp som ein motsats til mørkret til dei som vert ført bak lyset av djevelen.
Musikalsk har «Precious Angel» ein lett reggaestil. Forfattarane Oliver Keys og John Nogowski har særleg trekt fram gitarspelinga til Mark Knopfler på songen. Musikkritikaren Michael Gray reknar songen som ein av dei beste på Slow Train Coming.
«Precious Angel» fint på ei rekkje samlealbum av Bob Dylan, inkludert Dylan og Playlist: The Very Best of Bob Dylan '70s. Songen vart spelt på dei fleste konsertane til Dylan i 1979 og 1980, men er ikkje spelt sidan den gongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Precious Angel» frå , den 1. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar produserte av Jerry Wexler Kategori:Songar produserte av Barry Beckett Kategori:Columbia Records-singlar