Emily Jane Brontë () var ein engelsk forfattar på 1800-talet. Den einaste romanen hennar, Stormfulle høyder (Wuthering Heights, 1847) er rekna som ein klassikar innan engelsk litteratur, og er eit godt døme på gotisk litteratur.

Emily var den femte av dei seks barna til Maria, fødd Branwell (1783-1821), og presten Patrick Brontë (1777–1861). To av systrene døydde som barn i ein tyfusepidemi. Av dei fire syskena som voks opp blei alle dei tre Brontë-systrene kjende forfattarar: Charlotte (1816–55) var den eldste og Anne (1820–49) den yngste. Broren Branwell (1817–48) var kjend som målar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emily Brontë» frå , den 2. desember 2018.

Bakgrunnsstoff Emily Brontë i Store norske leksikon

Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Bradford