Clement Burke () er ein USA-amerikansk musikar som er mest kjend som trommeslagar i bandet Blondie frå 1975, kort tid etter bandet vart skipa, og gjennom heile karrieren deira.
Spelestilen hans har vore inspirert av Hal Blaine, Keith Moon, Ringo Starr og Earl Palmer.
I 1980- og 1990-åra, medan Blondie var oppløyst, spelte Burke trommer for The Romantics, Pete Townshend, Bob Dylan, Eurythmics, Dramarama, The Fleshtones, Iggy Pop, og Joan Jett, blant fleire. Han spelte òg med Chequered Past i 1983 i lag med Sex Pistols-gitaristen Steve Jones, Blondie-kollegaen Nigel Harrison, musikaren Tony Sales og songaren og skodespelaren Michael Des Barres.
I 1987 spelte han to konsertar med Ramones (under namnet «Elvis Ramone»).Frå filmen End of the Century: The Story of the Ramones
Burke vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006 som medlem av BLondie.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Clem Burke» frå , den 4. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Blondie
Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske punkrock-trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske new wave-musikarar Kategori:Musikarar frå Bayonne i New Jersey Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Blondie-medlemmar Kategori:Ramones-medlemmar Kategori:The Adult Net-medlemmar Kategori:The Romantics-medlemmar Kategori:Dramarama-medlemmar