Ella Marie Hætta Isaksen () er ein norsk, samisk musikar frå Tana.

Karriere Musikk I 2016 vann Isaksen Sámi Grand Prix med den sjølvskrivne songen «Luoddaearru», og i 2017 vann ho songtevlinga Liet International med same song.NRK Sápmi 19. april 2017. Liet-vinneren: – Kulturskolen formet meg for scenen. Besøk 20. april 2017. I 2017 var Isaksen med på å starte bandet ISÁK.Ságat 26. mars 2017. Isaksen med nytt band (krever innlogging). Besøkt 20. april 2017. I oktober 2018 vann ho NRK-programmet Stjernekamp.NRK Sápmi 6. juni 2018 Samisk artist med i «Stjernekamp»

Politisk engasjement Ho vart vald til fylkesleiar i miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom i november 2014Facebook-post av Finnmark Natur og Ungdom. (15. november 2014). Henta den 7. desember 2018. og sat til januar 2016. Ho hadde andre verv i organisasjonen fram til ho vart tilsett som kampanjesekretær i Natur og Ungdom hausten 2017. Ho vart vald inn i sentralstyret i organisasjonen i januar 2018, og sat i eit halvår, fram til ho valde å fokusere på musikken frå sommaren 2018.

I 2023 vart Isaksen ein frontfigur i aksjonen mot vindmøllene som hadde vorte sett opp på Fosen på ugild grunnlag. Fosen var opphavleg eit reindriftsområde for samane, men etter utbygginga av vindmøllene stadfesta Høgsterett at dei krenka «reindriftssamenes rett til kulturutøvelse». Fosensaka fekk mykje merksemd i massemedia, særleg etter aksjonane mot departementa.

Prisar og utmerkingar I 2019 tok Ella Marie imot Brobyggerprisen frå Norske kirkeakademier. I 2023 vart Isaksen tildelt Fritt Ords honnør for innsatsen hennar for minoritetsvern og samiske urfolksrettar.

Verk I 2021 gav ho ut si fyrste bok med tittelen Derfor må du vite at jeg er same.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på Ella Marie Hætta Isaksen på den 7. desember 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Samiske musikarar Kategori:Folk frå Tana Kategori:Vinnarar av Sámi Grand Prix