Pinocchio er ein amerikansk animert film frå 1940, laga av Walt Disney Productions. Filmen bygde på romanen Pinocchio av Carlo Collodi (1826–1890).
Filmen hadde premiere tre år etter Snehvit og de syv dvergene, og var den andre animerte langfilmen frå Walt Disney Company. Han er rekna som den andre av Disney-klassikarane. Filmen er blitt sloppen igjen for kinovising i 1945, 1954, 1962, 1971, 1978, 1984, og 1992. Han kom ut på video som VHS i 1985, 1986, og 1993, og digitalt reinska for utgjeving på DVD den 10. mars 2009.
Handling mini|venstre|Den levande tredokka Pinocchio. Bilde frå filmtraileren. mini|Jiminy Cricket, eller Timmy Gresshoppe. Den snille dokkemakaren Geppetto ønsker seg ein son av heile sitt hjarte. Ein dag lagar han ei tredokke som han kallar Pinocchio. Ei god fe dukkar opp og vekkar dokka til liv. Fea lover Pinocchio at han vil bli ein ekte gut om han viser at han er modig, ærleg og usjølvisk. Til å hjelpa seg i livet har han ei talande grashoppe, Timmy. Ein dag blir Pinocchio kidnappa og utnytta på teater for at den vonde Stromboli skal tena pengar. Pinocchio rømmer, og må klara seg på eiga hand. Etter at han har møtt fleire farer ønsker Geppetto at Pinocchio skal bli ein ekte gut. Fea tek for seg Pinocchio sine eigenskapar og forvandlar han til slutt til ein menneskegut.
Rolleliste (stemmer) Roller Engelske stemmer Norske stemmer Pinocchio Dickie Jones Gaute Skjegstad Timmi Gresshoppe Cliff Edwards Øivind Blunck Geppetto Christian Rub Helge Winther-Larsen Mikkel From Walter Catlett Per Christian Ellefsen Stromboli Charles Judels Ivar Nørve Vognmannen Charles Judels Harald Mæle Ønskeféen Evelyn Venable Unn Vibeke Hol Umulius Frankie Darro Bernhard Arnø Alexander Dickie Jones Eirik Espolin Johnson
Songar Songane i filmen blei skrivne av Leigh Harline og Ned Washington. «When You Wish upon a Star» - Cliff Edwards - 3:16 «Little Wooden Head» - Christian Rub - 05:45 «Give a Little Whistle» - Cliff Edwards og Dickie Jones - 1:38 «Hi Diddle Dee Dee» - Walter Catlett - 1:40 «I've Got no Strings» - Dickie Jones og Patricia Page - 2:23 «Hi-Diddle-Dee-Dee (Reprise)» - Walter Catlett - 00:22 «When You Wish upon a Star (Reprise)» - Cliff Edwards og Chorus - 01:27
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pinocchio (1940)» frå , og «Pinocchio (1940)» frå den 9. desember 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Disney-filmar Kategori:Animasjonsfilmar Kategori:USA-amerikanske filmar Kategori:Filmar frå 1940 Kategori:Engelskspråklege filmar