Beryl Markham () var ein britisk-kenyansk flygar, eventyrar, hestetrenar og forfattar. Ho var ein av dei første bush-flygarane, og den første kvinna til å flyga åleine utan stopp over Atlanterhavet frå aust til vest. Ho skreiv om opplevingane sine i memoara Vestover i natten.

Bakgrunn Markham vart fødd i landsbyen Ashwell i Rutland i England som dotter av Charles Baldwin Clutterbuck, ein dugeleg hestetrener, og Clara Agnes Alexander (1878-1952).Lovell, Mary S., Straight on Till Morning, New York: St. Martin's Press, 1987, s. 3 Ho hadde ein eldre bror, Richard Aleksander «Dickie» Clutterbuck (1900-1927). Då ho var fire år gammal flytta familien til den britiske kolonien Britisk Aust-Afrika, det seinare Kenya. Faren kjøpte ein farm i Njoro i nærleiken av Great Rift Valley. Mora og broren reiste snart attende til England, men Markham vart buande med faren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beryl Markham» frå , den 12. desember 2018.

Kategori:Luftfartspionerar Kategori:Britiske memoarforfattarar