«Make You Feel My Love» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet Time Out of Mind (1997). Han vart først gjeven ut av Billy Joel under tittelen «To Make You Feel My Love», før versjonen til Dylan kom ut seinare på året. Han har sidan blitt framført av mange artistar, som Adele, Garth Brooks, Shane Filan, Bryan Ferry, Kelly Clarkson og Ane Brun. To versjonar av songen (ein av Garth Brooks og ein av Trisha Yearwood) vart nytta i filmen Hope Floats i 1998. Dylan gav etter kvart ut songen på singel.
Medverkande Bob Dylan – gitar, munnspel, piano, vokal
Andre medverkande Bucky Baxter – akustisk gitar Tony Garnier – bassgitar, kontrasbass Daniel Lanois – gitar, mando-gitar, Gibson Firebird, Martin 0018, Gretsch Gold Top, rytmegitar, sologitar Augie Meyers – Vox-orgel combo, Hammond B3-orgel, trekkspel Duke Robillard – gitar
Billy Joel-versjonen
Billy Joel spelte inn songen som «To Make You Feel My Love» for samlealbumet Greatest Hits Volume III (1997). Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 50. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Joel si utgåve kom ut før Dylan gav ut sin versjon ein månad seinare.
Salslister Liste (1997) PlasseringAustralia (ARIA)90US Billboard Hot 100 50US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks9US Billboard Hot Singles Sales53
Garth Brooks-versjonen
Garth Brooks spelte inn songen som «To Make You Feel My Love» i 1998. Han kom ut på filmmusikkalbumet til filmen Hope Floats i 1998 i lag med ein coverversjon av Trisha Yearwood som første og siste spor å albumet. Han vart først gjeve ut som bonusspor på Fresh Horses for den første Limited Series-boksen og så på alle seinare utgåver av albumet. Brooks-versjonen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege countrysong, medan Bob Dylan vart nominert til beste countrysong.
Salslister Vekeslister Liste (1998) Plassering
Årslister Liste (1998)Plassering Canada Country Tracks (RPM) 63 US Country Songs (Billboard) 32
Adele-versjonen
I 2008 spelte den britiske songaren Adele inn «Make You Feel My Love» for debutalbumet hennar 19 (2008). Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet den 27. oktober 2008 og nådde 26. plassen på singellista.
Bakgrunn «Make You Feel My Love» er den einaste coverlåten på debutalbumet til Adele. Adele fortalte at «manageren min er veldig stor Dylan-fan og i lang tid prøvde han å få meg til å lytte til songen, fordi eg ikkje hadde høyrt han før. Eg var ganske trassig i mot det. Eg sa 'eg vil ikkje ha ein cover på albumet mitt. Det indikerer at eg ikkje kan skrive nok songar på eiga hand for den første plata mi.' Og så høyrde eg han i New York då han spelte songen for meg, og han berre verkeleg trefte meg. Eg syns det er ein fantastisk song, og oppsummerer eigentleg alt eg prøver å skrive i songane mine.»
Pianoet vert spelt av Neil Cowley og Adele sjølv spelar bass.
Mottaking I følgje Alex Fletcher på Digital Spy uttrykker versjonen til Adele kjærlei til songen, «med berre piano som akkompagnement får den drøymande og lidenskapelege vokalen hennar verkeleg skine». I følgje The Guardian-skribenten Dave Simpson gjorde «Adele med si rolege levering songen til hennar eigen».
I januar 2013 rangerte Heart Radio Adele sin versjon av songen som den beste britiske songen gjennom tidene på ei topp 500-liste.
Salslister Songen nådde opphavleg berre 29. plassen på den britiske singellista. I september 2010 vart songen framført på The X Factor av Annastasia Baker,https://www.youtube.com/watch?v=7ST5uii4pGU og songen gjekk så inn att på UK Singles Chart på ein 24. plass. Så klatra songen heilt til fjerdeplassen etter at songen vart framført av Gamu Nhengu i same show. Etter nok ei framføring på X Factor og då songen vart mykje nytta i Comic Relief i 2010, låg songen ytterlegare tre veker til på topp 10.
Tidleg i 2011 gjekk songen inn på topp 40 igjen, på ein 34. plass, etter at han vart nytta i Britain's Got Talent.
«Make You Feel My Love» passerte éin million selde eksemplar i Storbritannia i 2017.
I andre medium
S.W.A.T. Waterloo Road One Tree Hill Ghost Whisperer Parenthood The Bold and the Beautiful General Hospital Bones Hollyoaks EastEnders Glee Nashville Emmerdale Brothers & Sisters
Salslister og salstrofé
Vekeslister Liste (2008–2015) PlasseringCanada (Hot Canadian Digital Songs) 43European Hot 100 Singles17
Årslister Liste (2009)PlasseringDen nederlandske singellista 7Liste (2010)PlasseringUK Singles Chart 48
Salstrofé
Andre versjonar «Make You Feel My Love» er òg blitt spelt av:
Joan Osborne Trisha Yearwood Neil Diamond Danny Bowes Shawn Colvin Luka Bloom Timothy B. Schmit Ronan Keating Winifred Horan (frå Solas) Emily Loizeau Bryan Ferry Elkie Brooks (2010 på albumet Powerless) Mary Black Ruarri Joseph Phil Keaggy Michael Bolton med Helene Fischer Paul Evans Taylor Hicks Jon Peter Lewis Kris Allen Maria Muldaur Louise Setara Jeremy Irons (skodespelar) Kelly Clarkson Ed Sheeran Tony DeSare Rebecca Ferguson Aaron Tveit Sarah Maclaine Sleeping At Last Straight No Chaser Ane Brun Lea Michele Nick Knowles Shane Filan frå Westlife Jennifer Paz
Norske versjonar Norsk tittel Tekstforfattar Artist År Min kjærlighet til deg Erik Lie New Jordal Swingers 2001 Vis dæ elsken min Tor Hestbråten Arve-Gunnar Heløy 2002 Vårsang Rolf Robertsen Lises Veranda 2004 Fordi jeg elsker deg Bjarte Hjelmeland Bjarte Hjelmeland 2008 Anne Gravir Klykken 2012 Splint 2014 Rune Larsen 2016 Sondrey 2016 Fordi eg elskar deg Ingebjørg Bratland Ingebjørg Bratland 2015 Fylt av min kjærlighet Anne Grete Preus Anne Grete Preus 2009 Roar Eriksen 2013
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Make You Feel My Love» frå , den 13. desember 2018.
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Songar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Singlar frå 2008 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Balladar frå 1990-åra Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:XL Recordings-singlar Kategori:Songar produserte av Daniel Lanois Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Capitol Records Nashville-singlar Kategori:Songar produserte av Jim Abbiss Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Garth Brooks-songar Kategori:Adele-songar Kategori:Trisha Yearwood-songar Kategori:Joan Osborne-songar Kategori:Julie London-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Ronan Keating-songar Kategori:Elkie Brooks-songar Kategori:Michael Bolton-songar Kategori:Nana Mouskouri-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Ane Brun-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:Rune Larsen-songar Kategori:Ingebjørg Bratland-songar Kategori:Anne Grete Preus-songar