The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966 er den tiande utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series, utgjeve på Legacy Records i november 2015. Albumet består av innspelingar som stort sett ikkje var gjevne ut før frå 1965 og 1966 av demoinnspelingar og unytta opptak frå innspelingane av albuma Bringing It All Back Home, Highway 61 Revisited og Blonde on Blonde. Det vart gjeve ut tre forskjellige utgåver av samlinga samstundes: ei dobbeltutgåve med høgdepunkta frå samlinga, ei luksusutgåve på seks plater og ei samlarutgåve som berre var til sals ein kort periode på den offisielle nettsida til Dylan med heile 18 plater og ni vinylsinglar i mono. Desse gjenskapte dei originale singlane som vart gjevne ut frå denne tida. Samlarutgåva, eller Collector's Edition, var unik sidan han inkluderte «...kvar einaste note som vart spelt inn i 1965 og 1966, kvart einaste alternative opptak og alternative tekst.»
Tittelen på samlinga, «The Cutting Edge», er eit uttrykk om å vere i fronten av ei rørsle, og vert brukt ironisk av Dylan i sjølvbiografien sin frå 2004, Chronicles: Volume One, då han skreiv om musikkmiljøet seint i 1950- og tidleg i 1960-åra.
Innhald på dobbeltutåva
Innhald på luksusutgåva
† Tidlegare utgjeven.
Innhald på Collector's edition
Medverkande Bob Dylan — vokal, gitar, piano, munnspel Mike Bloomfield, Al Gorgoni, John Hammond jr., Jerry Kennedy, Bruce Langhorne, Charlie McCoy, Wayne Moss, Kenny Rankin, Robbie Robertson — gitar Joe South — gitar, bass Paul Griffin— piano, elektrisk piano, orgel Al Kooper — orgel, elektrisk piano, celeste Frank Owens — piano, elektrisk piano Richard Manuel, Hargus «Pig» Robbins — piano Garth Hudson — orgel John Sebastian — bass, munnspel John Boone, Harvey Brooks, Rick Danko, Joseph Macho jr., Russ Savakus, Henry Strzelecki — bass Kenny Buttrey, Bobby Gregg, Levon Helm, Sandy Konikoff, Sam Lay — trommer Angeline Butler — korvokal på «If You Gotta Go, Go Now»
Salslister Vekeslister Liste (2015) Plassering
Årsliste Liste (2015) PlasseringBelgiske album (Ultratop Flandern)«Jaaroverzichten 2015» (in Dutch). Ultratop. Henta 22. desember 2018.199
Sjå òg Bringing It All Back Home Highway 61 Revisited Blonde on Blonde
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966» frå , den 22. desember 2018.
Kategori:Samlealbum frå 2015 Kategori:Samlealbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Demoalbum Kategori:Plateboksar