Los Nevados nasjonalpark (spansk ) er ein nasjonalpark som ligg i den sentrale fjellkjeda av Andes i Colombia. Parken inkluderer den nordlege vulkangruppa av fleire stratovulkanar, med Nevado del Ruiz og Nevado del Tolima som dei høgste, begge strekker seg over 5000 moh.
Dette er i grenseområdet mellom fire departement, dei rørde er departementa Caldas, Quindío, Risaralda og Tolima. Totalt gjev 11 kommunar areal til parken, inkludert noko areal i storbykommunen Pereira.
Geologi Iserosjon har forma landskapet i parken over 3000 moh. Resultata er synlege som U-dalar med morenar. Ekstrusive magmatiske bergartar er dominerande over 3500 moh. på den austlege sida, og over 2200 moh. på den vestlege. Otún-sjøen ligg i eit krater av ein utdøydd vulkan innanfor parken.
Nedslagsfelta Det verna området er viktig for regionen på grunn av dei mange vasskjeldene med utspring i parken. Mindre isbrear ved dei tre vulkanane, Nevado del Ruiz, Nevado de Santa Isabel og Nevado del Tolima bidreg med smeltevatn til elver i dei to store nedslagsfelta i regionen. Elvene Gualí, Lagunilla, Recio, Totare og Coello leverer til Magdalenaelva, og dei attverande fire, Chinchiná, Campoalegre, Otún og Quindío leverer vatn til Cauca. Parken gjev vassforsyning til meir enn 2 millionar menneske i regionen, til kaffiplantasjar og til dei fleste ris- og bomullsplantasjar i Tolima-departementet. Otún-våtmarkssystemet, som ligg i parken, vart erklært eit internasjonalt viktig våtmarksområde etter Ramsar-konvensjonen.
Flora og fauna Parken består av ulike økosystem som varierer med høgdnivået. Dei nedre områda av parken er ei blanding av skog som er typisk for Andes, samt våtmarksområde. Dei høgare områda av parken består av páramo og superpáramo økosystem. Páramo består av grassletter, torvmyr, kratt, sumpar og laguner og opptek 80 % av arealet til parken. Superpáramo frå ca. 4500 moh. og høgare, er eit måneliknande landskap med berg, oske og sparsam vegetasjon.
Området er heimstad for 1250 artar av karplantar, 200 mosar, 300 lavartar og 180 makroskopiske soppar. På dei nedre fjellsidene og i dalane er vokspalmar dominerande. Den øvre andesskogen har tre som veks opptil 30 meter i høgd.
Fuglefaunaen inkluderer blåkronemotmot, guløyreparakitt, olivenmaskepapegøye, rustgrimeparakitt, andeskondor, umbramaurpitta og stivhaleand. Okerhjelmkolibri er endemisk for eit avgrensa område i og rundt nasjonalparken. Pattedyr inkluderer andestapir, brillebjørn, andespudu, (Pudu mephistophiles), tigerkatt, (Felis tigrina), puma og ein pungrotteart.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Los Nevados National Natural Park» frå , den 26. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Referansar
Kategori:Nasjonalparkar i Colombia