Roy Maurice Keane () er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Cork. Han er framom alt kjend for sine 11 suksessfulle år som midtbanespelar for Manchester United. Åra 1994-2004 var han med om å vinne Meisterligaen 1999, sju ligatitlar og fire FA-cupfinalar for Manchester-klubben. Keane var ein drivande, tevlingssterk og aggressiv spelar med stor arbeidskapasitet.

Klubbspel Keane spelte på Nottingham Forest frå 1990 til klubben i 1993 rykte ned til nivå to i det engelske ligasystemet. Sommaren 1993 vart han overført til Manchester United for ein nasjonal rekordsum. Allereie våren 1994 kunne han glede seg over dobbeltriumf med United, triumf i ligaen og siger i FA-cupen. To år seinare kopierte Keane og Manchester United dobbeltsigeren. Etter ligapokal nummer tre i 1997, kom høgdepunkta tett i mai 1999. I løpet av to veker sanka Manchester United tre pokalar, fyrst tok laget heim ligameisterskapen, deretter vart det 2-0-siger over Newcastle United i FA-cupfinalen og til sist siger 2-1 mot Bayern München i meisterligafinalen. Keane måtte gå av bana med skade etter få minuttar i FA-cupfinalen, medan han var suspendert i meisterligafinalen. Som lagkaptein frå 1997 førte Keane klubben til tre nye ligatitlar etter 1999, før han avslutta sigersrekka med FA-cuptriumf i 2004. I sin siste storkamp for Manchester United, FA-cupfinalen 2005, måtte Keane sjå at Arsenal FC kneip pokalen, etter straffesparktevling. I desember 2005 fekk Keane kontrakt med skotske Celtic FC. Med Glasgow-klubben vann han den skotske serien i 2006, utan å ha vist gammal styrke. Han la opp ved sesongslutt.

Keane vert også hugsa for å ha sparka ned Manchester City-spelaren Alf Inge Håland bakfrå i ein ligakamp i 2001.

Landslagsspel Keane spelte 67 landskampar for Irland i tida 1991-2005. Han spelte alle fire kampane til laget under VM i fotball 1994, og var med i VM-troppa 2002. Før meisterskapen kom i gang, uttrykte han misnøye med landslagssjefen, Mick McCarthy, og vart send heim. Åra 1997-2002 var Keane kaptein på laget i 21 kampar. Han skåra 9 landslagsmål.

Merittar Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United Engelsk ligameister: 1994, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003 med Manchester United Vinnar av FA-cupen: 1994, 1996, 1999, 2004 med Manchester United Skotsk ligameister: 2006 med Celtic FC Finalist i FA-cupen: 1991 med Nottingham Forest og 1995 med Manchester United Finalist i den engelske ligacupen: 1992 Nottingham Forest og 1994 med Manchester United

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roy Keane» frå , den 5. januar 2019.

eu-football

Kategori:Irske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Celtic-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002