Michelle Phillips () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho vart kjend som vokalist i kvartetten The Mamas & the Papas midt i 1960-åra. Ho fekk seinare suksess som skodespelar i film og fjernsyn i 1970-åra.
Ho kom frå Long Beach i California og voks opp i Los Angeles og Mexico by i lag med faren, som var enkemann. Ho arbeidde som modell i San Francisco, der ho møtte og gifta seg med John Phillips i 1962, og i lag skipa dei vokalgruppa The Mamas & the Papas i 1965. Bandet slo gjennom med populære singlar som «California Dreamin'» og «Creeque Alley», som Phillips var med å skrive. Dei gav ut fem studioalbum før dei vart oppløyste i 1970. Michelle Phillips er det einaste medlemmet frå bandet som framleis er i live. Med John Phillips fekk ho dottera Chynna Phillips, som er songar.
Etter The Mamas & the Papas vart oppløyst og ho skilde seg frå John Phillips, gjekk over til å bli skodespelar og spelte i The Last Movie (1971) før ho fekk rolla som Billie Frechette i filmen Dillinger (1973). For denne rolla vart ho nominert til ein Golden Globe. Ho spelte sidan i mange filmar i 1970-åra som Ken Russell sin Valentino (1977), Natacha Rambova og thrilleren Bloodline (1979). Ho gav ut det første og einaste soloalbumet sitt, Victim of Romance, i 1977.
Phillips vart ein av dei faste skodespelarane i serien Knots Landing frå 1987 til 1993, der ho spelte Anne Matheson. Sidan har ho spelt i komedien Let It Ride (1989) og den psykologiske thrilleren Scissors (1991).
Diskografi
Solo Victim of Romance (1977)
Solosinglar SingelÅr«Aloha Louie»1975«No Love Today»1976«Aching Kind»1977 «There She Goes»1978
Filmar Film År Film Rolle Merknad 1970 Saturation 70 Uferdig, tapt film 1971 The Last Movie Banker's Daughter 1973 The Death Squad Joyce Kreski Fjernsynsfilm 1973 Dillinger Billie Frechette Nominert for Golden Globe for beste nykomar 1974 The California Kid Maggie Fjernsynsfilm 1975 Shampoo Girl at Party Ikkje oppført 1975 Miracle Trixie Short film 1977 Valentino Natacha Rambova 1978 The Users Marina Brent Fjernsynsfilm 1979 Bloodline Vivian Nichols 1980 The Man with Bogart's Face Gena 1981 Savage Harvest Maggie 1982 Moonlight Meredith Tyne Fjernsynsfilm 1983 Murder Me, Murder You Chris Jameson Fjernsynsfilm 1984 Secrets of a Married Man Katie Jordan Fjernsynsfilm 1985 Covenant Claire Noble Fjernsynsfilm 1985 Stark: Mirror Image Jennifer Clayton Fjernsynsfilm 1986 American Anthem Linda Tevere 1987 Assault and Matrimony Madge Evers Fjernsynsfilm 1989 Let It Ride Mrs. Davis 1989 Mike Hammer: Murder Takes All Leora Van Treas Fjernsynsfilm 1989 Trenchcoat in Paradise Suzanna Hollander Fjernsynsfilm 1991 Keep On Running Tracy 1991 Scissors Ann Carter 1993 Joshua Tree Esther Severance 1993 Rubdown Jordana Orwitz Fjernsynsfilm 1996 No One Would Tell Laura Collins Fjernsynsfilm 1996 Pretty Poison Mrs. Stepanek Fjernsynsfilm 1999 Sweetwater Nancy Nevins Fjernsynsfilm 2000 Lost in the Pershing Point Hotel DeeDee Westbrook 2000919 Fifth AvenueMrs. Janet Van Degen Fjernsynsfilm 2000 The Price of Air Mrs. Rye 2001 March Joan 2001 Stop at Nothing Fjernsynsfilm 2002 Jane White Is Sick & Twisted June 2004 Harry + Max Mother 2005 Kids in America Singer 2006 Unbeatable Harold Erma 2006 And the Sea Took Us Seg sjølv (stemme) Dokumentar 2009 Betrayal Eva Karlsen
Fjernsyn År Serie Rolle Merknad 1973 Owen Marshall: Counselor at Law Stephanie Marks 1 episode 1977 Aspen Gloria Osborne 3 episodar 1979 The French Atlantic Affair Jennie Barber 1979–84Fantasy Island Various 7 episodar 1980 Vega$ Officer Cassandra Hunt 2 episodar1981–84The Love Boat Barbara Carroll/Sheila Price/Linda Gammon 5 episodar 1982 Matt Houston Glenda Collins 1 episode 1983 The Fall Guy Fay Charles 1 episode 1983 The Mississippi Caroline Foster 1 episode 1983–86 Hotel Elizabeth Bradshaw Cabot/Claire Talbot Ames/Gerry Howland7 episodar 1984 Automan Veronica Everly 1 episode 1984 Fox Mystery Theater/A.K.A. Hammer House of Mystery and Suspense Sandra Lorenz 1 episode 1984 Finder of Lost Loves Alicia Marsh 1 episode 1984 Murder, She Wrote Regina Kellijian 1 episode 1985 T. J. Hooker Teri Sherman 1 episode 1985 Glitter 1 episode 1987–93Knots Landing Anne Matheson 88 episodar 1988 Alfred Hitchcock Presents Katherine Clark 1 episode 1988 Star Trek: The Next Generation Jenice Manheim 1 episode 1993–94Second Chances Joanna Russell 4 episodar 1994 Burke's Law Denise Kima 1 episode 1994 Herman's Head Sandra Clayton 1 episode1994Heaven Help Us 1 episode 1994–99Diagnosis MurderLivia Parkinson/Christine Shaw2 episodar1995Lois & Clark: The New Adventures of Superman Claudette Wilder 1 episode 1996 Malibu Shores Suki Walker 10 episodar 1996 Too Something Karen Reeves 1 episode 1997 The Big Easy Collette 1 episode 1997 Pauly Cassandra 1 episode 1997Knots Landing: Back to the Cul-de-Sac Anne Matheson Sumner 2 episodar 1997 Spicy City Raven 6 episodar 1997–98 Beverly Hills, 90210 Abby Malone 9 episodar1998Love Boat: The Next Wave Quinn Ford 1 episode 1998–2000The Magnificent Seven Maude Standish 3 episodar1999Providence Blair Mason 1 episode 1999–2001Rude Awakening Vivian 3 episodar2000Twice in a Lifetime Edwina Lewis 1 episode 2000Popular Hellacious Akers 2 episodar2001All About Us Juliana Merrick1 episode2001Spin City Jane Moore 1 episode 2001–2002That's LifeMaureen 2 episodar 2001–04 7th Heaven Lilly 3 episodar2003AbbyChristine Newton 1 episode
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michelle Phillips» frå , den 11. januar 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Michelle Phillips på Billboard
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:Folk frå Long Beach i California Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Mamas & the Papas-medlemmar