People Like Us er det femte og siste studioalbumet til The Mamas & the Papas, utgjeve i november 1971, tre år etter gruppa først vart oppløyst. Dette albumet kom til fordi dei tidlegare medlemmane framleis var under kontrakt med Dunhill Records. Gruppa hadde opphavleg signert ein avtale med selskapet, då det vart styrt av den originale produsenten deira, Lou Adler, men innan 1971 hadde distributøren til Dunhill, ABC Records, kjøpt selskapet og oppdaga ein klausul i kontrakten. I følgje kontrakten deira måtte gruppa gje ut eitt album til, eller bryte kontrakten med dei mogelege bøtene det kunne føre til.
Albumet vert rekna som skuffande av både fansen og kritikarane. Likevel selde det moderat og nådde 84. plassen på Billboard Pop Albums-lista. Det vart produsert av John Phillips. Michelle Phillips skreiv seinare i notata i ei CD-samling av bandet at albumet «høyrdest ut slik som det var, fire personar som prøvde å unngå søksmål».
Alle songane utanom «I Wanna Be a Star» (skriven i lag med Michelle) vart skriven av John, og People Like Us er derfor det einaste The Mamas and the Papas-albumet med berre originale songar. Noko av tekstane refererer til forholdet John på den tida hadde med skodespelarinna Geneviève Waïte, som han gifta seg med i 1972.
Av songar her finn ein «Pearl», som var ei hyllest til songaren Janis Joplin, singelen «Step Out» (81. plassen på Billboard Hot 100, 25. plassen på Adult Contemporary) og tittelsporet som var den siste songen gruppa spelte inn i lag. Fordi Cass Elliot var sjuk under innspelinga, vert det meste av solovokalen sungen av Denny Doherty og Michelle, og sjølv om ho er mogeleg å høyre på somme spor, er ikkje Elliot dominerande på albumet.
People Like Us kom sidan ut på nytt på MCA Records og Geffen Records.
Innhald
Medverkande Denny Doherty – vokal Cass Elliot – vokal John Phillips – vokal, gitar Michelle Phillips – vokal Gary Coleman – trommer, tamburin, bjøller, vibrafon, shaker Ed Greene – trommer Bobbye Hall – conga, tamburin, shaker, cabasa Jim Horn – fløyte, saksofon Clarence McDonald – klaverinstrument Tony Newton – bassgitar Earl Palmer – trommer Donald Peake – gitar Joe Sample – klaverinstrument Louie Shelton – gitar David T. Walker – gitar
Teknisk Gene Page - orkesterarrangement Dave Hassinger - lydteknikar Rick Heenan, Val Garay - assisterande lydteknikar Henry Diltz - fotografi
Salslister ÅrListePlassering1971Billboard Pop Albums84
Kjelder Denne artikkelen bygger på «People Like Us av The Mamas and the Papas» frå , den 12. januar 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Mamas & the Papas-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Geffen Records-album