Spárti (gresk Σπάρτη) eller Sparta er ein by og kommune i periferieininga Lakonía, der han er hovudstad, i periferien Peloponnes i Hellas.

Byen var av dei mest kjende polisa i antikkens Hellas, og den mektigaste på Peloponnes. Ruinane av den antikke byen ligg i utkanten av den moderne.

Spartanarane var truleg etterfylgjarar av det folkeslaget som slo seg ned i Lakedaimondalen, om lag 1000 f.Kr. I motsetnad til dei fleste andre polis, ekspanderte Sparta over land, i motsetnad til å ekspandera over sjø, ved å grunnleggja nye polis i kystområde. Det einaste unntaket var kolonien Taras eller Tarentum i Sør-Italia (Magna Graecia), som vart grunnlagd kring 708 f.Kr. Sparta sitt landområde var i stordomstida på storleik med eit middels norsk fylke.

Sparta vart utgjort av perioikarane, helotane og borgarane. Perioikarane budde i landsbyar utanfor byen og hadde ingen politiske rettar i Sparta. Dei kunne difor ikkje eiga jordlottar på borgarane sitt land. Perioikarane kjempa lojalt for Sparta i krigar. Helotane var ufrie, men ikkje slavar. Dei kunne ikkje kjøpast og seljast, dei levde i sine eigne familiar og dei hadde visse rettar. Helotar som kjempa tappert i krig kunne få borgarrett, men utan fulle rettar.

Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Spárti, no kommunaleininga Spárti Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Spárti Therápnes Karyés Mystrás Inoúndas Péllana Fáris Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 32 786 innbyggjarar, medan kommunaleininga Spárti hadde 19 865 og tettstaden med same namn 16 782 innbyggjarar.

Historie mini|venstre|Sparta sitt territorium Rundt midten av 500-talet fvt. var det sørlege Peloponnes eit spartansk område. Det var den største staten i Hellas med eit areal på 8 050 km². Området var delt i to delar, Lakonía og Messenía som var delt av Taýjetosfjella. I motsetnad til andre greske byar kontrollerte Sparta mykje dyrkbar jord. Dei tidlegaste arkeologiske bevisa for busetnad i Sparta er datert til rundt 950 f.Kr.

Klassiske kjelder fortel oss at Sparta vart grunnlagd på 900-talet fvt. Det bestod av dei fire landsbyane Pitane, Mesoa, Limnai og Konooura som seinare vart sameint under eit styre.

Sparta byrja ekspansjonen sakte men sikkert. Den underlagde folkesetnaden i Lakonía vart anten helotar eller perioikar. Helotane fekk halde sitt jordbruksland, men måtte levere halvparten av det dei dyrka til den spartanske staten, medan perioikane var innbyggjarar i byane som vart verande autonome, med unntak av utanrikspolitikk og militærpolitikk. Perioikane utgjorde ein vital del av det spartanske samfunnet. Perioikane arbeida som handelsmenn, handverkarar og kunstnarar sidan spartanarane hadde forbod mot å drive med ikkje-militære syslar. Frå 650 til 620 f.Kr. tok Sparta kontroll over Messenia. Sparta vart erobra av byen Árgos og seinare av Tejéa. Det var i etterkant av den messenianske krigen og dei påfølgjande nederlaga at den unike spartanske livsforma utvikla seg og som gjorde Sparta vidkjend i Antikkens Hellas.

Frå 550 f.Kr. og framover ser det ut til at måla til Sparta, om ei sterk og effektiv militærmakt, vart oppnådd. Sparta leid ikkje under styret til nokre tyrannar eller diktatorar, og falanksane deira vart rekna som umogeleg å slå. Sparta hadde den mektigaste hæren i antikkens Hellas og var den mektigaste staten før Athen voks fram, og mange hevdar at han òg var det etterpå. Sparta og Athen var nølande allierte mot persarane, men vart rivalar deretter. Den største rekka med konfliktar mellom dei to statane som enda i det athenske imperiet sin undergang vert kalla peloponnesarkrigen. Athenske forsøk på å kontrollere Hellas, og å ta over Sparta si rolle som «hellenismen sin vaktar», var mislykka.

Det første nederlaget til ein spartansk hoplitthær i full styrke skjedde i slaget ved Leuktra i 371 f.Kr.. Etter dette mista Sparta sin status som den dominerande greske bystaten, mykje på grunn av tapet av helotane. Då Aleksander den store dukka opp, var Sparta berre ein skugge av sin tidlegare stordom, og dei klamra seg til eit isolert sjølvstende. Under punarkrigane var Sparta alliert med Romarriket. Spartansk politisk sjølvstende tok slutt då byen vart overmanna av sin gamle rival Argos og tvunge inn i Det akhaiske forbundet.

Spartanarane heldt fram sin levemåte sjølv etter den romerske erobringa av Hellas. Byen vart ein turistattraksjon for den romerske eliten, som kom for å observere dei «uvanlege» spartanske tradisjonane. Etter katastrofen som den romerske imperielle hæren opplevde i slaget ved Adrianopel (378) skal ein spartansk falanks ha møtt og sigra over ein styrke av plyndrande vestgotarar i eit slag. Det finst ingen handfaste bevis for at dette verkeleg skjedde.

Forfatninga mini|venstre|Lykurg Ein veit lite om den interne utviklinga av Sparta. Mange grekarar trudde at det ikkje hadde vore nokon, og at «stabiliteten til den spartanske forfatninga» hadde vart uendra frå Lykurg sine dagar. Spartanske lover vart gjeve vidare munnleg, og lite er kjent om det spartanske samfunnet. Samfunnet vart rekna som primitivt, sjølv etter gresk standard. Busetnadane var spreidde og minna om husa under dei mørke hundreåra (1150-800 f.Kr.), som tyder at dei stort sett var hus av strå. Steinkonstruksjonar var reservert for offentlege bygningar, som tempel, regjeringshallar og gymnasium. Det ein veit om spartanarane sitt samfunn på den tida har ein frå samtidige historikarar.

Sparta hadde eit blanda forfatningssystem. Forfatninga var samansett av element både frå monarkiske, oligarkiske, så vel som demokratiske system. Den spartanske regjeringa var etter mange målestokkar rekna som totalitær. Lover regulerte alt frå barnefødslar til skjegg og lengda på håret til mennene.

Spartanarane hadde ingen nedskriven historie, litteratur eller skrivne lover, som ifølgje tradisjonen var forbode av ein forordning av Lykurg. Den doriske staten Sparta utvikla ein blanda styreform ved å kopiere doriske kretarar. Staten vart styrt av to arvelege kongar, av dei agiadiske og eurypontidiske familiane, som var likestilte i autoritet, slik at ingen kunne handle mot vetoet til sin kollega. Men den agiadiske kongen fekk større ære som den øvste i sin familie (Herodot, VI.5). Opphavet til utøvinga av makta, ved ein folkeforsamling av borgarar, eller apella, er så godt som ukjent på grunn av manglande historisk dokumentasjon.

Der er fleire legendariske forklaringar på denne uvanlege kongemakta. Ei slik forklaring var at kong Aristodemos hadde tvillingsøner som gjekk med på å dele kongemakta. Dette vart ei permanent ordning. Moderne forskarar har fremma forskjellige teoriar for å forklare ordninga. Nokre seier at dette systemet vart oppretta for å hindre absolutisme, og eit parallelt døme som vert trekt fram er dei to konsulane i Roma. Andre trur at det peikar mot eit kompromiss for å gjere slutt på maktkamp mellom dei to familiane eller samfunna. Andre teoriar føreslår at dette var ein ordning som vart inngått då eit samfunn av landsbyar samla seg og danna Sparta. Etterpå vart to høvdingar frå dei største landsbyane kongar. Ein annan teori føreslår at dei to kongehusa kvar for seg representerer dei spartanske erobrarane og deira akhaiske føregangarar. Dei som fremmer dette siste synet viser til orda som Herodot (v. 72) seier til Kleomanes I: «Eg er ikkje dorisk, men akhaisk.» Dette vert vanlegvis forklart av den (like legendariske) avstamminga til Aristodemus frå Herakles. Uansett var kongemakta i Sparta arveleg og dermed var kvar konge som Sparta hadde etterkomar av agiadanes eller eurypontidane. Trona vart gjeve til det mannlege barnet som først vart fødd etter at kongen fekk makta.

Kongane sine plikter var hovudsakleg religiøse, juridiske og militære funksjonar. Dei var øvsteprestar i staten og utførte visse offer. Dei opprettheldt òg kommunikasjon med den delfiske heilagdomen som alltid utøvde stor autoritet i spartansk politikk. I Herodots tid (rundt 450 f.Kr.) hadde deira juridiske funksjonar vorte avgrensa til saker som hadde med arv, adopsjon og dei offentlege vegane å gjere. Sivile saker vart avgjort av eforar, medan strafferett òg hadde vorte overlate til eforane i tillegg til rådet til dei eldste. mini|Leonidas ved Thermpylae av Jacques-Louis David, 1814. Innan 500 f.Kr. hadde spartanarane i aukande grad vorte involvert i politiske saker i omkringliggande bystatar, ofte ved å legge vekt bak sine prospartanske kandidatar. Kort tid før 500 f.Kr., slik det vert skildra av Herodot, førte ei slik handling til konfrontasjon mellom Sparta og Athen. Dei to kongane, Demaratos og Kleomanes førte sine styrkar til Athen. Men rett før slaget starta, endra kong Demaratos meining om å gå til åtak på athenarane og forlét sin medkonge. Av den årsak vart Demaratos bannlyst og fann seg til slutt ved den persiske kongen Xerxes I i hans invasjon av Hellas 20 år seinare (480 f.Kr.) Spartanarane innførte ei lov som kravde at den eine kongen måtte vere igjen i Sparta medan den andre leia styrkane i slag. Dette var ei av årsakene til at kong Leonidas I i 480 f.Kr. leia sine 300 livvakter til Thermopylae der dei konfronterte Xerxes sin hær.

Aristoteles skildrar kongemakta i Sparta som «ei mild form for uavgrensa og vedvarande generalmakt» (Pol. III. I285a), medan Isokrates viser til spartanarane som «undersåttar av eit oligarki heime, til ein konge i felttog» (III.24). Òg her vart den kongelege makta endra over tid. Frå eit tidspunkt til persarkrigane mista kongen retten til å erklære krig og han vart følgt av to eforar i felten. Han vart òg følgt av eforane i kontrollen av utanrikspolitikken. Over tid vart kongane marionettar med unntak av deira stilling som generalar. Den reelle makta vart overført til eforane og til Gerousia. Årsaker til denne endringa låg delvis i det faktum at eforane, valde gjennom folkeleg val frå alle borgarane, representerte eit demokratisk element i forfatninga utan å bryte dei oligarkiske metodane som verka nødvendige for staten sin administrasjon.

Dette skuldast òg delvis svakheit hos kongemakta, karakteren av ein duo førte til sjalusi og kjølig forhold mellom dei to embetshaldarane. Dette førte i praksis til stillstand. Ei anna årsak låg i tapet av prestisje som kongemakta leid, særleg i løpet av det 400-talet f.Kr. som skuldast kranglane mellom kongane og jamlege kongar som steig opp på trona som mindreårige og måtte få utnemnt ein regent. Dei to kongemaktene sin prestisje leid òg av at kongane var, riktig eller gale, mistenkt for å ha mottatt muter frå fiendane av staten på eit eller anna tidspunkt.

Den spartanske Forfatninga bestod av to institusjonar: Rådet og folkeforsamlinga. Rådet bestod av 28 aristokratiske menn over 60 år, som sat livet ut. I rådet sat òg Sparta sine to kongar. Folkeforsamlinga var ein meir demokratisk institusjon, der alle spartanarar over 30 år med borgarrett kunne sitte. Forsamlinga møttest ein gong i månaden, og dei som hadde møterett, var dei som høyrde til ein fyle. I tillegg til rådet og folkeforsamlinga hadde polisen embetsmenn kalla eforar. Desse mennene vart valde for ein femårsperiode, og vart vald på same måte som mennene i rådet, men i motsetnad til rådsmennene kom ikkje eforarane berre frå aristokratiske slekter.

Statsorganisering Etter at eforane vart introdusert, var dei saman med dei to kongane den utøvande greina av staten. Eforane hadde meir makt enn nokon andre i Sparta, sjølv om det at dei berre hadde makta i eitt enkelt år reduserte deira evne til kome i konflikt med allereie etablert makt i staten. Sidan det ikkje var mogeleg å bli gjenvald, ville ein efor som misbrukte makta si eller konfronterte eit etablert maktsentrum, bli utsett for hemnaksjonar.