If I Could Only Remember My Name er det første soloalbumet til David Crosby, gjeve ut i februar 1971 på Atlantic Records. Det var eit av fire høgprofilerte album som vart gjeve ut av kvar av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young etter albumet deira, Déjà Vu album (i lag med Stephen Stills, Songs for Beginners og After the Gold Rush). Det nådde 12. plassen på Billboard 200 og selde til gullplate for 500 000 selde eksemplar i USA.
Albumet fekk vørdnad i 2010 då det vart oppført på andreplassen på lista til Vatikanstaten over dei ti beste popalbuma gjennom tidene, publisert i den offentlege avisa til Vatikanet, L'Osservatore Romano.
Innhald Mange kjende musikarar er med på albumet, inkludert Graham Nash, Neil Young, Joni Mitchell, medlemmar av Grateful Dead (mellom andre Jerry Garcia, som var med å arrangere og produsere albumet), Jefferson Airplane og Santana. Ensemblet fekk det uformelle kallenamnet The Planet Earth Rock and Roll Orchestra av bandleiaren i Jefferson Airplane Paul Kantner. Kjernen i denne gruppa (inkludert lydteknikaren Stephen Barncard) arbeidde òg på Kantner sitt Blows Against the Empire (1970) og Grateful Dead sitt American Beauty (1970), begge spelte inn samstundes med Crosby sitt album i Wally Heider Studios i San Francisco.
Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, mellom andre den mindre hitten «Music Is Love», som var eit samarbeid med Nash og Young som kom ut i april 1971. Singelen nådde 95. plassen på Billboard Hot 100.
If I Could Only Remember My Name kom ut på CD første gongen den 25. oktober 1990, og vart digitalt nymastra frå dei originale masterlydbanda. Den 6. november 2006 kom det ut ei dobbelutgåva med ein lyddisk remastra i HDCD, og eit bonnusspor («Kids and Dogs», som ikkje var gjeven ut før, men som var meint for eit uutgjeve Crosby-album for Capitol Records tidleg i 1980-åra) og ein DVD Audio-disk med heile albumet remiksa for 5.1 digital kringlyd.
Innhald
Side ein
Side to
Bonusspor på 2006-utåva
Medverkande Musikarar David Crosby – vokal, gitar Graham Nash – gitar, vokal ; vokal Jerry Garcia – elektrisk gitar ; pedalsteelgitar ; gitar ; vokal Neil Young – gitar, vokal ; bass, vibrafon, congatrommer Jorma Kaukonen – elektrisk gitar Laura Allan – autoharpe, vokal Gregg Rolie – piano Phil Lesh – bass ; vokal Jack Casady – bass Bill Kreutzmann – trommer ; tamburin Michael Shrieve – trommer Mickey Hart – trommer Joni Mitchell – vokal David Freiberg, Paul Kantner, Grace Slick – korvokal
Produksjon Stephen Barncard – lydteknikar, digital nymastring Ellen Burke – assisterande lydteknikar Gary Burden – kunstnarisk leiar Henry Diltz – fotografi Elliot Roberts, Ronald Stone – management David Geffen – leiing Steve Hall – kringlyd-lydteknikar for 2006-utgåva Bill Dooley – digital nymastring for 2006-utgåva
Kjelder Denne artikkelen bygger på «If I Could Only Remember My Name» frå , den 14. januar 2019.
Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:David Crosby-album Kategori:Album produserte av David Crosby Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios