mini|Russisk framstilling av dei tolv store høgtidene frå 1800-talet. Dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja er tolv viktige høgtider i løpet av kyrkjeåret. Den aller største høgtida er påske (pascha), og dei tolv store høgtidene følgjer etter denne i tyding. Åtte av høgtidene er til ære for Jesus Kristus, medan fire av dei er vigde jomfru Maria som er Theotokos, eller 'Guds mor'.Mother Mary og Ware, Kallistos, The Festal Menaion, s. 41. St. Tikhon's Seminary Press, 1998.

Kyrkjeåret byrjar i september. Dei tolv høgtidene er:

Fødselen til Theotokos, 8. september Opphøginga av krossen, 14. september Maria sin tempelgang (framstillinga av Theotokos i tempelet), 21. november Fødselen til Kristus (juledag), 25. desember Namngjevinga av Kristus (teofani, også kalla epifani, 6. januar Framberinga av Jesus i Tempelet, 2. februar Maria bodskapsdag, 25. mars Inngangen til Jerusalem ein sundag før påske Kristi himmelferdsdag, førti dagar etter påske Pinse, femti dagar etter påske Kristi forklaringsdag eller transfigurasjonen, 6. august Dormition (innsovinga) til Theotokos, 15. august

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Great feasts in the Eastern Orthodox Church» frå , den 21. januar 2019.

Kategori:Ortodoks kristendom Kategori:Kristne høgtider