CPR (òg kalla Crosby, Pevar & Raymond) var eit jazzrockband som bestod av David Crosby (frå The Byrds og Crosby, Stills, Nash & Young), studiogitaristen Jeff Pevar, og sonen til Crosby, klaverspelaren James Raymond.
Den første songen Crosby og Raymond skreiv i lag, «Morrison», vart framført på konsert første gongen i januar 1997. Songen omhandla dei ambivalente kjenslene Crosby hadde om korleis Jim Morrison vart framstilt i Oliver Stone-filmen The Doors (1991). Turneen deira i 1997 vart ein suksess og førte til studioalbumet CPR, som kom ut i mars 1998.
Det neste albumet deira, Just Like Gravity,, kom i 2001, og fleire suksessrike turnear følgde før gruppa vart oppløyst i 2004. Raymond har halde fram å spele med faren og med både Crosby & Nash og Crosby, Stills & Nash. Både Pevar og Raymond har spelt med Crosby i seinare år.
Diskografi Live at Cuesta College, Samson Music 1998 CPR, Samson Music 1998 Live at the Wiltern, Samson Music 1999 Just Like Gravity, Gold Circle 2001
Bakgrunnsstoff David Crosby/CPR
Kategori:Rockegrupper frå California Kategori:USA-amerikanske jazzgrupper Kategori:David Crosby Kategori:Musikkgrupper skipa i 1996 Kategori:Musikkgrupper nedlagde i 2004 Kategori:Jazzfusiongrupper