thumb|345px|Satellittfoto av Tarimbekkenet, med sandørkenen Taklamakan.(NASA/MODIS/Blue Marble) Tarimbekkenet er eit endorheisk nedslagsfelt i den kinesiske autonome regionen Xinjiang. Det ligg heilt vest i Kina, like nord for Tibetplatået, og dekkjer rundt km².

Geografi

Tarimbekkenet er eit av dei største endorheiske bekkena i verda. Dei sentrale delane er ei tørr slette danna av avleiringar og innsjøsediment og er omgjevne av dei massive fjellkjedene Tien Shan, Kunlun og Pamir. Dette er den tørraste regionen i heile Eurasia. Ein stor del av området er dominert av sandørkenen Taklamakan på 270 000 km². I tillegg er det fleire mindre sandmassiv på mellom 780 og 4 400 km². Sanddyner er det dominerande landskapstrekket.

Nedbøren i Tarimbekkenet er ekstremt sparsam, og nokre år er det ingen nedbør i det heile. I Taklamakanørkenen og i Lop Nor-bekkenet er den gjennomsnittlege årsnedbøren på rundt 12 mm. Ved foten av fjella og i fleire andre område i elvebekkenet når nedbøren opp i 50 til 100 mm årlig. I Tien Shan er det mykje våtare, med årsnedbør som ofte går over 500 mm. Maksimumstemperaturane i Tarimbekkenet ligg rundt 40 °C.

Tarimbekkenet har det lågaste punktet sitt ved Lop Nor, ein saltrik myrlendt depresjon i austre del av området. Tarimelva, den største elva i bekkenet, hadde tidlegare utløp i Lop Nor, men vekkleiing av vatn til irrigasjon gjer at ho no ender 150 km lenger vest. Lop Nor var tidlegare også staden Kina utførte atomprøvesprengingar.

Ein reknar med at området har store reservar av olje og naturgass. Det er allereie utvinningsprosjekt i gang i dei sentrale delane av Taklamakan.

Innbyggjarar

Tarimbekkenet har ein spreidd folkesetnad av uighurar og andre sentralasiatiske folkeslag som kasakar, kirgisarar, tadsjikar og mongolar. Uighurane er den største folkegruppa, og utgjer majoriteten i byar som Kashgar, Artush og Hotan. Det bur også ein stor del han-kinesarar i området, mange av dei nokså nylege innflyttarar frå andre delar av Kina.

Historie

I tidlegare tider blei tokariske språk som no er utdøydd tala i Tarimbekkenet. Dette var dei austlegaste av dei indoeuropeiske språka.

Det kinesiske namnet Yuezhi (eller Yüeh-Chih) viste til eit sentralasiatisk folk som holdt til i det nåværende Gansu. Då dei blei overvunne av xiongnufolket drog dei vestover mot Tarimbekkenet og deretter sørover, og skipa Kushanriket i nordlege India.

Kinesarane, leia av general Ban Chao (32-102 e.Kr.), klarte å ta kontrollen over Tarimbekkenet frå xiongnufolket ved slutten av det første hundreåret e.Kr.

Kushanarane ekspanderte tilbake til Tarimbekkenet i løpet av det 1. og 2. hundreåret. Dei skipa eit kongedøme i Kashgar, og kjempa mot nomadar og kinesarar om å dominera området. Dei innførte brahmiskrift, eit indisk prakritspråk for administrasjon, og buddhismen. Kushanarane spelte ei viktig rolle i innføringa av buddhismen til Aust-Asia langs Silkevegen.

Frå seint 700-tal til 800-talet kjempa det kinesiske Tang-dynastiet mot rivaliserande Tibetanarriket om makta over området.Beckwith, Christopher. (1987). The Tibetan Empire in Central Asia. Princeton, NJ: Princeton University Press, pp 36, 146. .Wechsler, Howard J.; Twitchett, Dennis C. (1979). Denis C. Twitchett; John K. Fairbank, eds. The Cambridge History of China, Volume 3: Sui and T'ang China, 589–906, Part I. Cambridge University Press. pp. 225–227. . Tidleg på 1000-talet kom det under muslimsk tyrkisk kontroll i form av Kara-Khanid-khanatet, noko som førte til tyrkifisering av regionen og ein religiøs overgang frå buddhisme til islam.Scott Cameron Levi; Ron Sela (2010). Islamic Central Asia: An Anthology of Historical Sources. Indiana University Press. pp. 72–. .Ahmad Hasan Dani; B. A. Litvinsky; Unesco (1 January 1996). History of Civilizations of Central Asia: The crossroads of civilizations, A.D. 250 to 750. UNESCO. pp. 283–. .

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tarimbekkenet» frå , den 27. januar 2019. oppgav desse kjeldene:  

Baumer, Christoph. 2000. Southern Silk Road: In the Footsteps of Sir Aurel Stein and Sven Hedin. White Orchid Books. Bangkok. Hill, John E. 2003. "Annotated Translation of the Chapter on the Western Regions according to the Hou Hanshu." 2nd Draft Edition. Hill, John E. 2004. The Peoples of the West from the Weilue 魏略 by Yu Huan 魚豢: A Third Century Chinese Account Composed between 239 and 265 CE. Draft annotated English translation. Mallory, J.P. and Mair, Victor H. 2000. The Tarim Mummies: Ancient China and the Mystery of the Earliest Peoples from the West. Thames & Hudson. London. ISBN 0-500-05101-1 Stein, Aurel M. 1907. Ancient Khotan: Detailed report of archaeological explorations in Chinese Turkestan, 2 vols. Clarendon Press. Oxford. Stein, Aurel M. 1921. Serindia: Detailed report of explorations in Central Asia and westernmost China, 5 vols. London & Oxford. Clarendon Press. Reprint: Delhi. Motilal Banarsidass. 1980. Stein Aurel M. 1928. Innermost Asia: Detailed report of explorations in Central Asia, Kan-su and Eastern Iran, 5 vols. Clarendon Press. Reprint: New Delhi. Cosmo Publications. 1981. Denne artikkelen bygger på «Tarim Basin» frå , den 27. januar 2019.

Kategori:Kinesisk geografi Kategori:Sentral-Asia Kategori:Stader langs Silkevegen Kategori:Endorheiske nedslagsfelt i Asia