Sverre Julius Hoddevik () er ein norsk tannlækjar og politikar frå Hoddevika i Selje kommune. Han representerte Sogn og Fjordane og partiet Høgre på Stortinget frå 1997 til 2005.

Hoddevik var son til ein gardbrukar og fiskar i Hoddevika ute på Stadlandet. Sjølv gjekk han Firda gymnas og var deretter eitt år lærar i heimkommunen. Sidan studerte han til cand.odont. ved Universitetet i Oslo. Etter militærteneste som garnisonstannlækjar i Harstad, arbeidde han som tannlækjar på Sunnmøre og i Nordfjord. I 1978 fekk han stillinga som distriktstannlækjar i Selje kommune og byrja drive farsgarden attåt.

Hoddevik var medlem i Selje kommunestyre 1984–97, perioden 1988–91 med sete i formannskapet og så ordførar 1992–97. Frå hausten 1997 var han stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane til 2005. På Stortinget plasserte Høgre han 1997–2001 i Kommunalkomitéen, medan han 2001–05 var medlem i Samferdslekomiteen. Hoddevik hadde liten innverknad i stortingsgruppa til Høgre, og det enda med at fylkespartiet vraka han som kandidat til stortingsvalet 2005.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Norske tannlegar Kategori:Folk frå Selje