Ferdinand Lunde () var ein norsk målar, fødd i Berlin og død i Oslo.

Lunde gjekk i målarskule hos Bjarne Engebret og seinare på Statens kunstakademi. Seinare starta han sjølv målarskule i Oslo, saman med Aase Asp Lunde, og «er mest kjend som pedagog». Ei tid var han formann i Unge Kunstneres Samfund.

Han måla helst landskap, oftast i friske fargar. Motiv fann han på stader som Hadeland, Skåtøy og Tjøme, fleire motiv syner tre og skog. Elles måla han bybilete frå Oslo, figurbilete, portrett og stilleben. Han nytta ei «forenkla naturalisme med få detaljar» og la stor vekt på komposisjonen. Bileta hans vert sagt å ha «ei stillferdig ro og reflektert holdning» i Norsk kunstnerleksikon.

Kjelder

Kategori:Norske målarar Kategori:Målarar frå 1900-talet