Hans Petter Husum () er ein norsk ortopedisk kirurg og politisk aktivist med bakgrunn frå ml-rørsla.
Husum har jobba mykje med skadehandsaming og krigskirurgi i den tredje verda. Han har mellom anna arbeidd mange år som krigskirurg i Afghanistan for den norske Afghanistankomiteen. Han er kjend for å vera svært frittalande, og utsegnene hans har ei rekkje gonger skapt debatt i Noreg. Han er no knytt til Tromsø mineskadesenter der han driv opplæring i enkel og avansert skadehandsaming i ei rekkje konfliktområde.
I 2003 disputerte han til doktorgraden i medisin på ei avhandling om prehospital skadehandsaming i den tredje verda.
På 1970- og 1980-talet var Husum aktiv i AKP(m-l), og bidrog blant anna til helse- og arbeidsmiljøspalta i avisa til partiet Klassekampen.Side 418, Pål Steigan: Ein folkefiende, Aschehoug, Oslo 2013Side 47, Alf Skjeseth: Sykl på vatnet – historia om Klassekampen.
Bibliografi
Hans Husum er òg kjend som forfattar:
Kamp mot helsefarlig arbeid. Handbok for arbeidere. (Saman med Ebba Wergeland) Forlaget Oktober. ISBN 82-7094-104-2 War Surgery: Field Manual – lærebok i krigskirugi, 1995. ISBN 983-9747-14-2 Save Lives – Save Limbs – lærebok i prehospital mineskadebehandling, 2000. ISBN 983-9747-42-8 Tracks of blood : studies of trauma and trauma systems in the rural South 2003 (doktorgradsavhandling)
Referansar
Bakgrunnsstoff Publikasjoner av Hans Husum i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin Publikasjoner av Hans Husum i BIBSYS Tromsø Mineskadesenter (arkivert nettside) Læreboken War Surgery (arkivert nettside)
Kategori:Norske kirurgar Kategori:Norske sakprosaforfattarar