mini|Flyfoto av Tulln

Tulln an der Donau er ein by og ein kommune (Marktgemeinde) i distriktet Tulln i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 72,2 km² og 16 000 ibuarar. Byen ligg på Tullnsletta langs Donau, 180 meter over havet og ei 40 km vest om Wien.

Tulln er ein av dei eldste byane i Austerrike, busett heilt tilbake i romartida. Byen opplevde ei stordomstid då den mektige Babenberg-ætta huserte her kring år 1000.

Ein stor sukkerfabrikk, med over 300 tilsette, er eigd av det multinasjonale selskapet Agrana. Dlouhy er eit firma i Tulln der 110 tilsette lagar utryknings-køyrety.

Elles er Tulln kjend for ei årleg hagebruksmesse, der rundt 100 000 gjester er innom.

Målaren Egon Schiele var frå Tulln.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tulln an der Donau» frå , den 14. februar 2019.

Kategori:Byar i Austerrike Kategori:Kommunar i Niederösterreich