Henrik II av England () var konge av England frå 1154 til 1189. Han var også greve av Anjou, hertug av Normandie, hertug av Aquitaine, hertug av Gascogne, greve av Nantes, lord av Irland og kontrollerte til ulike tider delar av Wales, Skottland og vestlege Frankrike. Henrik var den første av Huset Plantagenet til å herska over England, og var oldebarn av den normanniske Vilhelm erobraren. Henrik var den første som nytta tittelen «konge av England» – i motsetnad til «konge av dei engelske». Han var i samtida si òg kalla for Henrik Curtmantle, «kortkåpe», fordi han nytta ei kåpe som var kortare enn den til forgjengarane.Nuttall Encyclopædia of General Knowledge, red. ved pastor James Wood (1907)

Henrik II var den første av Angevin-kongane i England. Han overtok trona i kjølvatnet av kaoset som styret til Stefan hadde ført til. Henrik overlevde krigar, opprør og strid til han kunne herska eit av dei mektigaste europeiske kongedøma i mellomalderen. Han reformerte det normanniske styret og skapte ei regjering og ein administrasjon som var dugeleg og sjølvdrivande, også i dei tidsromma då kongen var utanlands. Under Stefan hadde adelen manipulert føydal lov for å underminera den kongelege autoriteten, og Henrik II sette i gang mange reformer som svekka dei tradisjonelle føydale banda og styrkte posisjonen til kongen. Festningar som var blitt bygde under borgarkrigen blei rivne. Auka beskatting erstatta i stor grad militærteneste som den viktigaste plikta til vasallane, noko som gjorde kongen mindre avhengig av adelen, og som uansett var mindre interesserte i å kjempa i krigar utanfor England.

Henrik utvida området sitt på Dei britiske øyane på to måtar. Først tok han Cumbria og Northumbria frå Malcolm IV av Skottland, og la fast grensa i nord. Felttoga hans i Wales var mindre vellukka, og førte ikkje med seg erobring, men han invaderte Irland og sikra engelsk tilstadevere og overherredøme på øya. Områda han herska over på kontinentet, og som han sette sønene sine til å herska over som vasallar omfatta dei følgjande landa: Bretagne, Maine, Poitou, Touraine, Gascogne, Anjou, Aquitaine, og Normandie. Henrik II var teknisk sett ein føydal vasall av den franske kongen, men i røyndomen åtte han større område, hadde større inntekter og var mykje mektigare enn den franske overherren sin.

Henrik II sin plan om å dela dei omfattande besittelsane og titlane sine førte til sjalusi og etterkvart forræderi frå sønene. På oppmuntring frå blant anna mor deira, Eleonore av Aquitaine, gjorde dei opprør mot faren fleire gonger, ofte med den franske kongen som alliert. Sjølv om to av dei døydde, i 1183 og 1186, endra ikkje opprørslysta og viljen til å gå imot faren seg hjå dei gjenverande. Då Henrik II byrja å eldast vart han angripen av den dugelegaste sonen sin, Rikard, som i fellesskap med Filip II August av Frankrike overvann han i 1189. Henrik II blei tvinga til ein audmjukande fredsavtale, og døydde sjølv to dagar etter.

Henrik II var fødd i Le Mans i Frankrike den 5. mars 1133, den første dagen av det tradisjonelle året.Harvey, The Plantagenets, side 47 Faren hans, Geoffrey V av Anjou (òg kjend som Geoffrey Plantagenet, son av Fulko av Jerusalem), var greve av Anjou og greve av Maine. Mora hans, keisarinne Matilda (Maud av England), hadde krav på den engelske trona som dotter av Henrik I av England (som regjerte 1100–1135), sonen til Vilhelm erobreren. Som barn heldt han til ved landområda til faren i Anjou. Då han var ni år gammal tok Robert, 1. jarl av Gloucester, han med til England der han fekk utdanning frå meister Matthew i Bristol. venstre|mini|245x245pk|Eleonore, hertuginne av Aquitaine, utsnitt av eit større bilete. Då Henrik var 19 år gammal, den 18. mai 1152, gifta han seg med den rundt tolv år eldre Eleonore av Aquitaine ved Poitiers.Leese, Thelma Anna: Blood royal, 1996, s.189Chronique dei TouraineHarvey, The Plantagenets, s. 49 Berre seks veker tidlegare hadde Eleonore skild seg frå kong Ludvig VII av Frankrike. Eleonore hadde fått to døtrer med den franske kongen, men ingen son.

Ekteskapet mellom Eleonore og Henrik bygde på fornuft. Likevel verker det som om det i byrjinga var ein viss grad av ømheit mellom dei, og ekteskapet produserte heile fem søner og tre døtrer. Etter kvart blei derimot forholdet mellom ektefellane stadig kjøligare. Ein av årsakene til at det oppstod strid mellom dei var at Eleonore oppmuntra sønene til å gå til væpna opprør mot faren i 1173. Henrik sette då Eleonore i eit fangenskap som varte i femten år.Harvey, The Plantagenets, s. 51

Henrik og Eleonore fekk åtte barn: Vilhelm, Henrik, Rikard, Geoffrey, Johan, Matilda, Eleonore og Johanna. Vilhelm døydde som barn. Etter at Vilhelm døydde blei Henrik krona som medkonge då han var noko eldre, men sidan han aldri var konge i sin eigen rett, er han blitt kjent som «Henrik den unge kongen», ikkje som «Henrik III». I teorien kunne Henrik ha arva trona frå far og Rikard arva titlar, gods og rike frå mora, Geoffrey kunne ha hatt Bretagne, og Johan, den yngste som normalt ikkje ville ha fått jordeigedomar (og difor blei kalla «Johan utan land» av faren), kunne ha blitt lord av Irland. Men så skjedde ikkje.

Henrik hadde òg barn utanfor ekteskap. Sjølv om desse barna ikkje hadde lovleg krav på trona, gjorde slektskapstilhøvet deira at dei utgjorde potensielle problem for dei legitime arvingane til Henrik. William Longespée var eit slikt barn. Han blei hovudsakleg verande lojal og slo seg til tols med dei titlane, landområde og rikdomane som kom til han som kongeleg lausunge. Geoffrey, biskop av Lincoln og erkebiskop av York, blei derimot rekna som ein torn i sida på Rikard I av England. Geoffrey var den einaste av dei mange sønene til Henrik som stod fast ved han då han låg for døden. Sjølv kongen sin eigen favoritt, Johan, hadde forlate faren.Harvey, The Plantagenets Rikard tvinga Geoffrey inn i presteskapet i York og avslutta på den måten dei verdslege ambisjonane hans. Ein annan son, Morgan, blei vald til bispedømet Durham, men blei aldri vigsla til biskop på grunn av motstand frå pave Innocent III. mini|Representasjon av Henrik II i eit nært samtidig manuskript. Då Henrik II blei krona som konge av England i 1154 var berre 21 år gammal, men var likevel ein erfaren statsmann. Som bestefaren Henrik I av England hadde Henrik II ein framifrå kunnskap om lovverket. Han likte å vera saman med lærde, og var sjølv boklærd, språkmektig, mellom anna beherska han latin svært godt. Når det var mogleg deltok han personleg i råda. Interessa hans for økonomi var reflektert i ein måtehalden livsstil. Han kledde seg enkelt bortsett frå når tradisjonen sa noko anna, og hadde eit sparsamt kosthald.Harvey, The Plantagenets, s. 40

Etableringa av eit imperium mini|Mor til Henrik, keisarinne Matilda, eller Maud, som ho òg vert kalla. Ho var òg gift med den tyske keisaren Henrik V. mini|Stefan av Blois, konge av England, gjorde Henrik til sin arving etter at hans eigen son døydde i 1153. Far til Henrik, Geoffrey Plantagenet, hadde rike landområde som vasall for Ludvig VII av Frankrike. Maine og Anjou var difor fødselsrette til Hanrik, saman med andre landområde i vestlege Frankrike. På morssida arva han òg hertugdømet Normandie. Likevel var den meste verdifulle arva frå mora kravet på den engelske trona. Som sønedotter av Vilhelm I av England burde keisarinne Maud av England ha vore dronning, men trona blei teken av fetteren hennar Stefan. Då Henrik sikra seg kongedømet for sin eigen familie skapte han eit dynasti som strekte seg over tre hundreår og tretten kongar.

Ekteskapet med Eleonore av Aquitaine styrkte Henrik endå meir. Til dei mange landområda hans blei eigedomane til kona lagt til, slik at han fekk kontroll over Aquitaine og Gascogne. Rikdomane i marknadene og vingardane i desse regionane, kombinert med dei mange besittelsane Henrik allereie hadde, gjorde ikkje Henrik berre til ein mektig engelsk konge, men òg til den mektigaste vasallen i Frankrike.

Erobringa av den engelske trona Maud av England hadde stått fast på kravet sitt til den engelske trona i fleire år utan å nå fram. Ho trekte seg endeleg tilbake i 1147, same året som Henrik hadde følgt mora på ein invasjon av England. Denne feila raskt på grunn av manglande førebuingar, men det gjorde likevel Henrik ytterlegare bestemt på at England var morsretten hans. Han kom attende til England i 1149 og 1150. Den 22. mai 1149 blei han gjort til riddar av grandonkelen sin, kong David I av Skottland, i Carlisle.Pool, Austin Lane: From Domesday Book to Magna Carta 1087-1216, 2.utg.

Tidleg i januar 1153, berre månader etter at han hadde gifta seg, kryssa Henrik Den engelske kanalen endå ein gong. Flåten hans bestod av 36 skip og transporterte ein styrke på 3 000 fotsoldatar og 140 hestar.Harvey, The Plantagenets, s. 48 Kjeldene er motstridande om han gjekk i land ved Dorset eller Hampshire, men det er kjent at han drog til ei lita kyrkje i ein landsby. Det var 6. januar og dei lokale var til stades ved feiringa av heilage tre kongars dag.

Henrik flytta seg raskt, og same året som han steig i land hadde han sikra seg retten til å etterfølgja Stefan som konge gjennom traktaten i Wallingford. Stefan si stilling hadde forverra seg. Han møtte opposisjon frå ein fiendtleg pave og erkebiskop gjennom å krangla med kyrkja. Dessutan døydde sonen hans Eustace i 1153. Mange andre leiande aktørar - keisarinne Maud, David av Skottland og jarlane av Northampton, Warwick og Chester - var også anten daude eller døydde i løpet av året.

Med vitne frå ikkje mindre enn 14 biskopar og elleve jarlar erklærte Stefan den 6. november i Winchester hertug Henrik som sin etterfølgjar når han sjølv døydde. I Oxford tidleg det neste året lova baronane truskap til den nye tronarvingen. Han trekte seg så tilbake til Normandie fram til gamlekongen døydde i Dover den 25. oktober 1154. Den 19. desemberen 1154 blei han krona i Westminster Abbey. Henrike Plantagenet, vasall av Ludvig VII av Frankrike, var no mektigare enn den franske kongen sjølv. Henrik nytta tittelen Rex Angliae, Dux Normaniae et Aquitaniae eit Comes Andigaviae (konge av England, hertug av Normandie og Aquitaine, greve av Anjou). Han var den første som blei krona som «konge av England», i motsetnaden til «konge av dei engelske».BBC: «Henry II - the 'First' King of England».

Herredømet over Irland høgre|mini|400x400pk|Ekteskapet mellom Aoife og Strongbow (1854) av Daniel Maclise, ei romantisk framstilling av unionen mellom den irske kongdottera og den normanniske erobraren Strongbow i ruinane av Waterford. Kort tid etter at han blei krona, sende Henrik ein diplomat til den nyleg valde paven Hadrian IV. Under leiing av biskop Arnulf av Lisieux drog ei gruppe geistlege for å be om løyve for Henrik til å invadera Irland. Dei fleste historikarar er samde om at det resulterte i pavebullen Laudabiliter. Det er mogleg at Henrik handla under påverknad av ein «Canterbury-konspirasjon» der dei engelske geistlege streba etter å dominera den irske kyrkja,Warren, Henry II men det er òg mogleg at Henrik sine intensjonar rett og slett var å sikra eit herredøme for den yngre broren sin William FitzEmpress.

Medan planane for invasjonen blei lagdw, døydde William, og Irland blei ignorert igjen. Ikkje før 1166 kom dei opp igjen. Dette året vart blei mindre irsk prins, Diarmaid Mac Murchadha, fordriven frå landområdet sitt i Leinster av Irden irske overkongen Muirchertach MacLochlainn. Diarmaid følgde Henrik til Aquitaine for å søkja støtte til å ta kontrollen tilbake. Henrik skaffa fotsoldatar, riddarar og adelege til å kjempa for saka. Den mest prominente var ein normanner frå Wales, Richard de Clare, 2. jarl av Pembroke, med tilnamnet «Strongbow». I byte for lojaliteten hans lova Diarmaid dottera si Aoife av Leinster i gifte til jarl Richard Strongbow, og dessutan å gjera han til arving og etterfølgjar i kongedømet sitt.