Havila Kystruten AS er eit norsk reiarlag stifta i 2017 som fekk i oppdrag å drifta 4 av 11 skip i Hurtigruta, kystruta Bergen-Kirkenes, frå 1. januar 2021 .

Reiarlaget er eigd av Havila Holding AS i Fosnavåg. Administrerande direktør er Bent Martini.

Skip Reiarlaget har fire skip under bygging, alle med lengd på 122,7 meter og breidd på 22 meter. Lastekapasitet vert ni bilar og 190 pallar, der 40 av pallane kan fraktast med kjøling eller frysing. Skipa får eit mannskap på 76, ein lugarkapasitet til 468 passasjerar, og i tillegg plass til 172 dagreisande.

Lugarane vert på mellom 16 og 210 kvadratmeter. Skipa vil mellom anna ha fasilitetar som badstove, boblebad, treningsfasilitetar og fleksible serviceområde med matservering.

Fartøya kjem til å ha ein «servicefart» på 14-15 knop og maksfart på 18,2 knop.

Dei fire skipa vil få namna «Havila Capella», «Havila Castor», «Havila Polaris» og «Havila Pollux», og vert bygde ved to verft, høvesvis i Tyrkia og Spania.

Tekniske løysningar Skipa er designa av Havyard og har nemninga Havyard 923. Hovudmotorane skal gå på flytande naturgass og vert levert av Rolls-Royce.

Dei to Havyard-selskapa Norwegian Electric Systems og Norwegian Control Systems skal levere såkalla hybridpakkar, som inkluderer det som vert verdas største batteripakkar på passasjerskip. Med desse kan skipa segle fire timar berre på batteri. Reiarlaget får støtte av mellom anna Enova til sine energitiltak.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske reiarlag Kategori:Hurtigrutereiarlag Kategori:Skipingar i 2017