mini|Chehel Sotoon er ein kjend turistattraksjon i Isfahan Isfahan eller Eşfahān (historisk òg stava Ispahan, mellompersisk Spahān, persisk skrift اصفهان), er den tredje største byen i Iran, etter Teheran og Mashhad. Han ligg omtrent sør for Teheran og er administrasjonssenteret i Isfahan-provinsen. Folkesetnaden i 2000 var .
Isfahan er ein av dei eldste byane i Persia. Han er omtalt av Ptolemaios under namnet Aspadana, eit anna eldre namn var Djaiy. Isfahan verker å ha vore ein viktig by i den muslimske tida fram til han blei øydelagd av Timur Lenk i 1387. Byen voks att då Abbas I gjorde byen til persisk residensby.
Isfahan ligg ved breidda av Zayandeh Rud. Langs sørbreidda av elva ligg forstaden Djulfa, som er kalla opp etter den tidlegare armenske byen Djulfa. Innbyggjarane i denne byen blei deporterte til Isfahan av Abbas den store i 1605. Mange armenske kyrkjer pregar området. Byen hadde tidlegare sidan sassanidekongen Yazdegerd I si tid ein viktig jødisk koloni, som sidan siste halvdel av 1900-talet er heilt forsvunnen.
Isfahan ligg langs karavanevegen Teheran-Isfahan-Shiraz-Bushehr-Bender Abbas. Han var eit viktig handelssenter og ein av dei mektigaste byane til det persiske riket frå 1600-talet og fram til 1722. Byen blei erobra i 1722 av afghanfyrsten Mahmud Ghilzai. Han blei gjenerobra i 1729 av Nadir Shah, men vann aldri tilbake den tidlegare stillinga si. I staden vaks Teheran fram som hovudstaden i landet.
Isfahan ligg cirka 340 km sør for Teheran. Byen er kjend for sin store moské (fram til 1979 kjent som Masjed-e Shah, deretter Masjed-e Emam, begge namna blir brukt på folkemunne). Der finst òg eit anlegg for anriking av uran.
I 1979 blei Meidan Emam i Isfahan sett på UNESCO si verdsarvliste.Skildring av Meidan Emam på nettstaden til Unesco
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Isfahan» frå , den 24. februar 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Islamsk arkitektur Kategori:Byar i Iran Kategori:Verdsarv i Iran Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar