Catholic Encyclopedia, òg kjend som Old Catholic Encyclopedia og Original Catholic Encyclopedia, er eit engelskspråkleg oppslagsverk utgjeve i USA. Det første bindet kom ut i mars 1907 og dei tre siste i 1912, etterfølgd av eit registerbind og seinare supplerande bind. Målet med leksikonet var «å gje lesaren fullstendig og autoritativ informasjon på alt som gjeld katolske interesser, handlingar og doktrinar.»Forordet til Catholic Encyclopedia

Catholic Encyclopedia blei gjeve ut av Robert Appleton Company, eit forlag danna i New York i februar 1905 med utgjeving av leksikonet som einaste føremål. Dei fem medlemmane i redaksjonskomiteen danna også styret i forlaget. I 1912 blei namnet til forlaget endra til The Encyclopedia Press. I heile levetida til forlaget gav det berre ut dette verket.

Historie Skriveprosessen byrja 11. januar 1905 under leiing av fem redaktørar:

Charles G. Herbermann, professor i latin og bibliotekar ved City College of New York Edward A. Pace, professor i filosofi ved The Catholic University of America i Washington D.C. Condé B. Pallen, redaktør Thomas J. Shahan, professor i kyrkjehistorie ved Catholic University. John J. Wynne, S.J., redaktør av Messenger of the Sacred Heart

BindInnhaldFørste gong publisertSjefredaktør1Aachen — Assize1907Charles George Herbermann2Assize — Brownr3Brow — Clancy19084Cland — Diocesan5Diocese — Fathers19096Fathers — Gregory7Gregory — Infallibility19108Infamy — Lapparent9Laprade — Mass10Mas sitt — Newman191111New Mexico — Philip12Philip — Revalidation13Revelation — Simon Stock191214Simony — Tournely15Tournon — Zwirner At Catholic Encyclopedia var i offentlege bibliotek i USA skapte kontroversar. Nativistar protesterte og hevda at dette var i strid med skiljet mellom stat og kyrkje, og dei nådde fram med protestane sine i Belleville i New Jersey.Separation of Church and State, Hamburger, Philip, Harvard University Press (2002), p. 412.

Nettversjonar Amerikanske lovar om opphavsrett seier at alt som er publisert i USA før 1923 er offentleg eigedom. I 1993, i samband med at pave Johannes Paul II vitja Denver i samband med verdsungdomsdagane, bestemte Kevin Knight seg for å starta eit prosjekt for å publisera 1913-utgåva av oppslagsverket på Internett. Knight starta nettstaden New Advent for føremålet. Frivillige frå USA, Canada, Frankrike og Brasil hjelpte til med transkriberinga. Nettstaden blei lansert i 1995, og i 1997 var arbeidet ferdig.

I 2007 publiserte Catholic Answers ein vassmerka versjon som blei produsert ved å skanna sidene i originalane.

Andre skanna utgåver av oppslagsverket finst på Google Books, ved Internet Archive og Wikimedia Commons. Wikisource har òg eit transkriberingsprosjekt basert på filene som ligg på Commons.

1922-supplementet til oppslagsverket er òg offentleg eigedom, og finst på internett. New Catholic Encyclopedia er òg tilgjengeleg online på nokre bibliotek.

Sjå òg

Encyclopædia Biblica Jewish Encyclopedia

Notar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Catholic Encyclopedia - Catholic.com Catholic Encyclopedia - New Advent Catholic Encyclopedia - Catholicity

Kategori:Katolisisme Kategori:Engelskspråklege oppslagsverk Kategori:USA-amerikanske oppslagsverk Kategori:Oppslagsverk tilgjengelege på Internett