Jarl Magnus Riiber () er ein norsk kombinertrennar frå Oslo, medlem i Idrettslaget Heming. Han vann to VM-gull under Ski-VM 2019 i Seefeld, eitt i individuell tevling, det andre som ankermann på det norske firemannslaget i 4 x 5 km lagtevling. Dessutan sikra han seg og Jan Schmid ein sølvmedalje i tomannsstafetten. Under Vinter-OL 2018 var Riiber med det norske laget som tok sølv i lagetvlinga.

I 2024 fekk han Holmenkollmedaljen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jarl Magnus Riiber» frå , den 3. mars 2019.

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2023 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Folk frå Oslo