Bluenote Café er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, utgjeve 13. november 2015 på Reprise. Albumet er volum 11 i konsertarkivserien til Young og består av opptak frå den amerikanske turneen hans i 1987 og 1988 etter albumet This Note's for You (1988) i lag med det dåverande bandet sitt, The Bluenotes.

Mottaking

Albumet fekk generelt god kritikk og har ein score på 75 av 100 på Metacritic. Chris Gerard frå PopMatters gav albumet ni av ti stjerner og skreiv «Bluenote Café er uunnverleg Neil Young, og nok eit bevis på at musikken til Young frå 80-åra hadde meir verdi enn mange skulle tru eller vil innrømme.» Daniel Sylvester i Exclaim! var derimot negativ og skreiv «sjølv den hardaste fansen vil ikkje finne noko her anna enn ein masochistisk kuriositet.» Will Hermes skreiv i Rolling Stone at «desse konsertopptaka frå slutten av 80-åra opplyser og (delvis) gjenopprettar ein av dei merkelegare periodane til Young». Hal Horowitz i American Songwriter skreiv at «sjølv den hardaste fansen til Neil Young vil kanskje ikkje fullt ut like denne sidegreina i den enorme katalogen hans. Men dette er merkverdig livleg og ei samling som syner at Young tok denne sidevegen særs alvorleg.»

Innhald

Medverkande Neil Young – vokal, gitar Rick Rosas – bass Chad Cromwell – trommer Frank Sampedro – klaverinstrument, gitar Steve Lawrence – tenorsaksofon, klaverinstrument Ben Keith – altsaksofon Larry Cragg – barytonsaksofon Claude Cailliet – trombone Tom Bray – trompet John Fumo – trompet Billy Talbot – bass (plate 1: berre spor 1-2) Ralph Molina - trommer (plate 1: berre spor 1-2)

Salslister Liste (2015) Plassering Austerrikske album (Ö3 Austria) 23 Belgiske album (Ultratop Flandern) 17 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 54 Nederlandske album (MegaCharts) 21 Finske album (Suomen virallinen lista) 35 Den franske albumlista (SNEP) 84 Italienske album (FIMI) 55 Norske album (VG-lista) 24 Spanske album (PROMUSICAE) 86 Svenske album (Sverigetopplistan) 55 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 52

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bluenote Café» frå , den 4. mars 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 2015 Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Reprise Records-album