mini|Storeggaraset ut i Norskerenna førte til ein stor tsunami som skyldte inn mot Norskekysten og mot Island, Shetland, Færøyane og Skottland. Storeggaraset, òg kalla Eggaraset, var eit gigantisk undersjøisk ras ute i Norskehavet. Raset gjekk frå Eggakanten på Storegga på den norske kontinentalsokkelen og ut i havet lenger vest. Raset fann stad for om lag 8 200 år sidan og volumet er rekna til å vere 3000 km³. Bakkanten av rasområdet er om lag 300 km langt, og rasmassane raste 800 km ut i djuphavet. Dette gjer det til eit av dei største kjende undersjøiske rasa i verda noko gong. mini|venstre|Dei gule tala syner kor høge bølgene var då dei nådde kysten, men inne i fjordane kunne bølgene verte 50 meter høge. Raset ut i Norskerenna førte til ein stor tsunami som skylde inn mot norskekysten og mot Island, Shetland, Færøyane og Skottland. Flodbølgja er kartlagd til å ha vore 10-12 meter høg på kysten av Møre, inne i fjordane opp til 40-50 meter høg og elles kring 5-10 meter.
I samband med utvinning av naturgass frå Ormen Lange-feltet har dette raset vorte grundig kartlagt og undersøkt. Konklusjonen var at raset skjedde i massar avsett i førre istid, og at det vil krevja ei ny istid for å få eit tilsvarande ras.
Andre geologar meiner at eit tilsvarande ras kan koma frå massen som er att.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Animasjon av raset og flodbølgja etterpå Flodbølgjer - Tsunami, mellom anna om Storeggaraset Monsterbølgen slukte Vestlandet på http://www.dagbladet.no/ Liten fare for undersjøiske ras utenfor Norge Undersøking i samband med Ormen Lange-feltet på http://www.ormenlange.com
Kategori:Ras i Noreg Kategori:Norskehavet Kategori:Geologihistorie Kategori:Tsunamiar