Birger Breivik () var ein norsk skulemann, organisasjonsleiar og politikar frå Fyresdal i Telemark. Han var stortingsrepresentant 1958-61 for Kristeleg Folkeparti og Aust-Agder.
Far hans var landhandlar på Folkestad i Fyresdal. Sjølv vart Breivik student i 1937 og tok i 1940 eksamen ved Norges Handelshøgskole. Han underviste ved Fjellhaug ungdomsskole i Oslo 1933-37 og på ny 1940-45, den siste femårsbolken var han lærar også ved Oslo Handelsgymnasium. I 1945 fekk han styrar-stillinga ved Drottningborg Handelsskole i dåverande Fjære kommune i Aust-Agder, ein jobb han hadde til 1965.
Breivik var aktiv misjonsmann. Såleis sat han 1958-73 i hovudstyret for Norsk Luthersk Misjonssamband. Frå 1965 arbeidde han i den daglege leiinga for misjonssambandet i Oslo, generalsekretær 1970-82. I tida 1971-82 var han også styremedlem i Norsk misjonsråd.
Breivik engasjerte seg i politikken for Kristeleg Folkeparti. Tingperioden 1958-61 representerte han partiet og Aust-Agder på Stortinget. På Tinget var han medlem i Justiskomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1965. Frå 1961 til -67 var han varaformann Kristeleg i Folkeparti, sidan 1967 landsstyremedlem i fire år.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Fyresdal