Tårefuru (Pinus wallichiana) er ein art i furuslekta i furufamilien. Tårefuru veks vilt i fjellområda i Himalaya, Karakoram og Hindu Kush, frå austlege Afghanistan austover gjennom Nord-Pakistan og Northvest-India til Yunnan i Sørvest-Kina. Det veks gjerne i fjelldalar på høgder mellom 1800 og 4300 moh. (ved sjeldne høve så lågt som 1200 moh.), og blir frå 30 m til 50 m høgt. Treet føretrekk eit temperert klima med tørre vintrar og våte somrar.
Blada eller nålene veks i kvastar på fem, og blir 12–18 cm lange. Heile nålene er mjuke og fleksible, og kan ofte hengja ned, som «tårer» eller sørgjelauv. Konglane er lange og smale på 16–32 cm, og er gulfarga når dei er mogne.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tårefuru» frå , og «Pinus wallichiana» frå den 13. mars 2019.
Litteratur
Kategori:Furuslekta Kategori:Plantar i Afghanistan Kategori:Plantar i Myanmar Kategori:Plantar i Nepal Kategori:Plantar i Pakistan Kategori:Plantar i Tibet Kategori:Plantar i Himalaya Kategori:Tre frå tempererte klima