Ballycastle (irsk Baile an Chaistil, ‘byen åt slottet’Placenames Database of Ireland er ein liten by i grevskapet Antrim i Nord-Irland. Han er administrasjonssenter for Moyle distrikt.

mini|venstre|Marconi-minnesmerket Ved hamna i byrn står eit minnesmerke for Guglielmo Marconi, som i 1898 gjorde det andre forsøket sitt på å sende trådlause signal over vatn, frå Ballycastle til øya Rathlin.

Byen er kjend for sin Ould Lammas-festival, som blir halden kvart år i august.

Nær byen renn elvene Margy, Carey og Glenghesk, som er gode elver for lakse- og aurefiske.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ballycastle» frå , den 19. mars 2019.

Kategori:Byar i Antrim