«Darlin' Be Home Soon» (eller «Darling Be Home Soon») er ein song skriven av John Sebastian for The Lovin' Spoonful. Han kom ut på filmmusikkalbumet til Francis Ford Coppola-filmen You're a Big Boy Now frå 1966. Han er blitt skildra som «...ein av dei mest hjartelege songane om å vere borte frå sin kjære, skriven frå synspunktet til ein musikar på turné som skriv eit brev.» Songen vart gjeven ut på singel og nådde 15. plassen på den amerikanske poplista. Same året nådde ein versjon av Bobby Darin 93. plassen på den amerikanske lista. Saksofonisten Bud Shank gav ut songen på albumet sitt A Spoonful of Jazz, og Billie Davis gav han ut på B-side på ein singel i Storbritannia.

Sebastian framførte denne songen på Woodstockfestivalen som den fjerde av fem songar han spelte der i 1969.

I 1969 vart «Darlin' Be Home Soon» gjeven ut av Joe Cocker på albumet Joe Cocker! og vart ein standard for han. Songen vart framført av Slade og finst på konsertalbumet deira Slade Alive! frå 1972. Same året nådde The Association nesten topp 100 i USA med ein singel (104. plassen) henta frå albumet Waterbeds in Trinidad!

Andre hitversjonar av songen vart gjevne ut av The Barra MacNeils (1993, 23. plassen i Canada) og Let Loose (1996, 65. plassen i Storbritannia).

Andre innspelingar av songen 1967 - Billie Davis på singelen «Angel of the Morning» – Decca F 12696 1969 - Joe Cocker på albumet Joe Cocker! 1970 - Barry Allen på albumet Barry Allen 1970 - The Brothers Four på albumet deira 1970 1970 - Maxine Brown, singel 1970 - Samantha Jones på B-side til singelen «My Way (Comme d'habitude)» 1972 - Slade på konsertalbumet Slade Alive! 1972 - The Association på singel og albumet Waterbeds in Trinidad! 1974 - Gigliola Cinquetti på albumet hennar Go (Before You Break My Heart) 1989 - Phoebe Snow i filmen Rude Awakening 1990 - Anne Richmond Boston (frå The Swimming Pool Q's) på albumet hennar The Big House of Time 1993 - The Barra MacNeils på albumet deira Closer to Paradise 1996 - Let Loose på albumet deira «Rollercoaster» 1999 - Jules Shear på samlealbumet Bleecker Street: Greenwich Village in the 60's 2001 - Jimmy Ibbotson på Hummingbirds of the Americas. 2005 - Cass Elliot på The Complete Cass Elliot Collection: 1968-71 (spelt inn i 1968) 2006 - Matt Costa på singelen Sunshine 2008 - Starsailor på EP-en Boy in Waiting 2009 - Bruce Hornsby på albumet The Village: A Celebration of the Music of Greenwich Village 2012 - Tedeschi Trucks Band på albumet Everybody's Talkin'

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Darling Be Home Soon» frå , den 23. mars 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar skrivne av John Sebastian Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Lovin' Spoonful-songar Kategori:Songar produserte av Erik Jacobsen Kategori:The Association-songar Kategori:Joe Cocker-songar Kategori:Bobby Darin-songar Kategori:Cass Elliot-songar Kategori:Slade-songar Kategori:Let Loose-songar