Alf Gunnestad () var ein norsk flypioner og seinare distriktsjef for flykontrollen på Austlandet (Fornebu)

Gunnestad vart utdanna til flygar ved Hærens Flyveskole på Kjeller i 1925, og fekk trafikkflygarsertifikat i 1927.Flyvningen - det moderne eventyr. Jon Tvedte, 1958, side 274 Han flaug seinare nattpostruta til København. Han deltok som flygar under Thorshavnekpedisjonen til Lars Christensen i 1933/34. Gunnestadbreen i Dronning Maud Land er oppkalla etter han.

Under andre verdskrigen var han aktiv i Heimefronten og rømde i februar 1945 til Sverige. Han jobba der for norske politityrkar og vart leiar for den norske forlegginga Ulvsunda.Alf Gunnestad - Flypioner. Rob J. M. Mulder, 2017, side 88-92 Etter krigen var han tilsett i Luftfartsdirektoratet som distriktssjef.

Gunnestad var aktiv i luftsportsverksemda. Han fekk Norsk Aero Klubbs heidersteikn i 1969 og verka som frivillig instruktør for ungdom som ynskte å ta flysertifikat.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alf Gunnestad» frå , den 28. mars 2019.

Bakgrunnsstoff Alf Gunnestad fløy for Allers Flyveklubb. Bilde fra Digitalt Museum Alf Gunnestad - Flypioner, Rob J.M. Mulder, 2017

Kategori:Norske flygarar Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen