Ateisme (frå gresk a-, 'ingen' og theos, 'gud') er manglande tru på gud(ar).

Sjølv om mange ateistar har spesifikke sekulære livssyn som humanisme eller naturalisme, er ikkje ateismen i seg sjølv eit livssyn.Honderich, Ted (Ed.) (1995). "Humanism". The Oxford Companion to Philosophy. Oxford University Press. p 376. ISBN 0-19-866132-0.Fales, Evan. "Naturalism and Physicalism", i .. Nokre religionar som jainismen og buddhismen krev heller inga tru på ein personleg gud.

Omgrepet ateist vart opphavleg nytta nedsettande om ein person eller ei tru som er i konflikt med etablert religion. Med utbreiinga av fritenking, skeptisisme og religionskritikk har omgrepet fått ei meir spesifikk tyding og blir i høgare grad nytta sjølvbeskrivande av ateistar.

Organisert ateisme I Noreg er det ein relativt stor livssynsorganisasjon for ateistar og agnostikarar, altså ikkje-religiøse, kalla Human-Etisk Forbund. Denne organisasjonen står for eit livssyn ein gjerne kallar sekulær humanisme eller livssynshumanisme.

Sjå òg Livssynshumanisme Human-Etisk Forbund Humanistisk jødedom Agnostisisme Deisme Teisme Monoteisme Polyteisme Fritenkjar Livssyn Heidning

Kjelder

Kategori:Teologi Kategori:Religion og livssyn