Håvard Bjerkeli () er ein norsk tidlegare langrennar frå Isfjorden i Rauma kommune, medlem i Isfjorden Idrettslag. Han vann VM-sølv i sprintøvinga under Ski-VM 2003.

Bjerkeli utmerkte seg i sprinttevlingane då den nye øvinga kom frå slutten av 1990-åra. Han vann tre tevlingar i verdscupen i langrenn, ei i kvar av sesongane 2002-04. Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City rauk han ut i kvartfinale på sprinten og kom på 13. plass. Året etter tok Bjerkeli seg til finalen i same øvinga då verdsmeisterskapen fann stad i Val di Fiemme, der han vart andremann, svenske Thobias Fredriksson tok gullmedaljen. Same sesongen vart Bjerkeli noregsmeister i sprint under Ski-NM 2003 i Molde, medan det året etter vart NM-sølv i øvinga i Bardufoss.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1997: Bronsemedalje i 4 x 10 km stafett med Isfjorden IL Ski-NM 1998: Ski-NM 1999: Ski-NM 2000: Ski-NM 2001: Nr 8 på 10 km i Steinkjer Ski-NM 2002: Nr 8 på 50 km på Vang Ski-NM 2003: Gull i sprint og nr 8 på 10 km i Molde Ski-NM 2004: Sølv i sprint i Bardufoss

Ymse Bjerkeli er gift med langrennar var, Marit Roaldset, og såleis svigerson til Jan Olaf Roaldset. Karoline Grøvdal er syskenbarnet hans.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Håvard Bjerkeli» frå , den 30. mars 2019.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Folk frå Rauma