Fjærlandstunnelen er ein tunnel på Riksveg 5 i Sunnfjord og Sogndal kommunar i Vestland fylke. Tunnelen går mellom Lunde i Jølster og Bøyadalen i Sogndal, og er 6397 meter lang.
Tunnelen vart opna 31. mai 1986 av den tidlegare visepresidenten i USA, Walter Mondale, som hadde slekt i Mundal i Fjærland. Fjærlandstunnelen og resten av vegen mellom Skei i Jølster og Fjærland gav Fjærland landfast vegsamband med omverda.
Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Fjærlandstunnelen.
Sjå òg
Vegtunnelar i Noreg
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fjærlandstunnelen» frå , den 31. mars 2019.
Kategori:1986 i Noreg Kategori:Riksveg 5 Kategori:6°E Kategori:61°N Kategori:Skipingar i 1986