The Lady and the Unicorn er det femte studioalbumet til John Renbourn. Det vart gjeve ut på Transatlantic Records i 1970.
Albumet er heilt instrumentalt og består stort sett av tidleg klassisk gitarmusikk frå mellomalderen til barokken, i tillegg til noko folkemusikk. Stundom er Renbourn akkompagnert av fløyte, fiolin eller bratsj. Fiolinen vert spelt av Dave Swarbrick frå Fairport Convention.
Innhald
Medverkande John Renbourn - akustisk gitar Terry Cox - handtromme, klokkespel Lea Nicholson - concertina (trekkspel, spor 5) Ray Warleigh - fløyte (spor 3 og 4) Tony Roberts - fløyte (spor 8) Don Harper - bratsj (spor 8) Dave Swarbrick - fiolin (spor 3 og 4)
Teknisk Produsent - Bill Leader
Kjelder Albumet på Discogs - Vitja 1. april 2019
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:John Renbourn-album Kategori:Transatlantic Records-album Kategori:Album produserte av Bill Leader