Martin Jensen Linge () var ein norsk skodespelar, offiser og motstandsmann under andre verdskrigen. Han leidde nokre av dei første norske styrkane i Storbritannia under den andre verdskrigen, som seinare vart kalla Kompani Linge etter han.

Martin Linge var fødd i Negarden på Linge i Norddal på Sunnmøre. Han var son av bonden Jens Linge og Gunhild Muldal. Linge var gift med Margit F. Vogt (søster av samfunnsøkonomiprofessoren Johan Vogt), dei var foreldre til båtkonstruktøren Jan Herman Linge og besteforeldre til forfattaren Espen Haavardsholm.Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2.utgåve. Bind 1, s.422.

Sytten år gamal kom han inn på underoffiserskulen i Trondheim og vart etter tre år korporal. Hausten 1914 tok han til på Katedralskulen i Trondheim. Der var han mellom anna formann i Fraternitas Nidrosiensis og skreiv ein del for Minerva (på nynorsk). Etter artium gjekk Linge krigsskulen, då denne var fullført byrja han i skodespelarlære hos fru Movinckel. Han debuterte på Centraltheateret i 1921, før han gjekk over til Det Norske Teatret.Kleiva, Ivar (red.) (1976): Norddal bygdebøker. band IV. Norddal kommune.

Her fikk skuespiller Linge lysende sitt gjennombrudd. Møtt av ingen bifallsalve, men av mitraljøseskudd.

Frå Nordahl Grieg sitt minnedikt om Martin Linge

mini|venstre|Minnebauta på garden Linge i Norddal.

Andre verdskrigen Heile vinteren 1940 stod ryggsekken hans ferdigpakka slik at han kunne dra ut i felten på kort varsel. Ved invasjonen 9. april reiste han til Setnesmoen ved Åndalsnes, der vart han skada av ein granatsplint og kom til England med eit hospitalskip. Linge vart utpeika til ei ny avdeling med namnet «Norwegian Independent Company No 1», betre kjent som Kompani Linge.Kleiva, Ivar (red.) (1976): Norddal bygdebøker. band IV. Norddal kommune. Svolværraidet i 1941 var det første allierte strandhogget i det okkuperte Europa. I desember 1941 leidde Linge den norske avdelinga under Måløy-raidet, men vart skoten og drepen på trappa til Ulvesund Hotell i Måløy. Kronprins Olav avduka minnebauta på heimstaden Linge 17. juni 1946.Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år 1837-1987. Valldal: Norddal kommune.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Om Martin Linge i NRK sitt fylkesleksikon for Sogn og Fjordane Martin Linge i Norsk biografisk leksikon]

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Norddal Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Medlemmar av Kompani Linge Kategori:Nordmenn falne i andre verdskrigen