Maracaibo er hovudstaden i delstaten Zulia i Venezuela. Byen ligg på vestsida av innlaupet til Maracaibosjøen, og har 1 898 770 innbyggarar per 2011.

Maracaibo er nest største byen og har den viktigaste hamna i landet. Han har stor eksport, først og fremst av petroleum, men òg av kaffi, kakao, huder og frukt. Hamna i byen er omlastningshavn for det nordvestlege Venezuela. Byen har òg oljeraffineri og annan industri. Det er to universitet i Maracaibo, skipa i 1891 og i 1974, og eit naturhistorisk museum.

Dette er ein av dei varmaste byane i Sør-Amerika, han har 28 °C i årsmiddeltemperatur. Maracaibo er ein moderne storby med vakre bustadstrøk, ein del velbevart koloniarkitektur, domkyrkje og lufthamna La Chinita.

Byen vart grunnlagt i 1571 som Nueva Zamora. I 1917 var folkesetnaden på 40 000 innbyggarar, det var før dei store oljefunna var gjorde.

Kjelder (fri artikkel) Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Byar i Venezuela