Albert «Al» Anderson ()Larkin, Colin (1998) The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, , p.11 er ein amerikanskfødd låtskrivar og gitarist.
Anderson voks opp i Montclair i New Jersey og gjekk sidan på Berklee College of Music samstundes med Pat Metheny og Al DiMeola etter å ha arbeidd med ei tidleg utgåve av Aerosmith. Han vart med i The Centurions, som fanga merksemda til Chris Wood i Traffic, og han vart invitert til å spele på ådet neste albumet deira. Bidraga på Traffic-albumet vart aldri noko av, men førte til at Andersen vart tilsett av plateselskapet til Traffic, Island Records, og han vart spurt om å spele sologitar på Bob Marley & The Wailers sitt Natty Dread. Anderson spelte sologitar på «Crazy Baldhead» og på Live!, og vart verande med bandet fram til 1976, då han vart med i Word, Sound and Power, og akkompagnerte Peter Tosh på albuma Legalize It og Equal Rights. Han vendte attende til bandet til Marley og spelte på Survival og Uprising. Etter Marley døydde heldt Anderson fram med å turnere med The Wailers Band. Anderson spelte sidan med Ben Harper (Diamonds On the Inside (2003)) og Lauryn Hill på debutplata The Miseducation of Lauryn Hill. Han produserte og spelte òg på albumet til skodespelaren Steven Seagal (Songs from the Crystal Cave (2005)). I 2008 skipa han bandet The Original Wailers med Junior Marvin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Anderson (Wailers)» frå , den 9. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske reggaegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Musikarar frå New York Kategori:Folk frå Montclair i New Jersey Kategori:The Wailers-medlemmar Kategori:Elevar ved Berklee College of Music