Mohammad Ayub Khan, som regel berre kalla Ayub Khan (), var ein pakistansk offiser og president i Pakistan frå 1958 til 1969.

Ayub Khan var fødd i Haripur i Khyber Pakhtunkhwa. Han var pasjtunar, og far hans var risaldar-major ved eit kavaleriregement i den britisk-indiske hæren. Sjølv var Ayub Khan elev ved Sandhurst i England, og blei offiser i 14th Punjab Rifles.

General Ayub Khan blei den første innfødde hærsjefen i Pakistan då han etterfølgde briten Douglas Gracey i stillinga i januar 1951.

Han blanda seg inn i pakistansk politikk, og kunne leggja ned veto mot politiske avgjerder om dei påverka interessene til hæren. I 1958 bestemte han og ei gruppe medhjelparar seg for å avsetja dei sivile politikarene og gje landet «stabilitet» gjennom eit militærkupp.

Under styret til Ayub Khan blei det gjennomført ein stor jordreform. Pakistan fekk ein ny grunnlov som tredde i kraft i 1962, men makta blei verande hjå Ayub Khan. Utanrikspolitisk søkte Ayub Khan støtte hjå USA, som fekk oppretta militære basar i Pakistan. Krigen mellom Pakistan og India i 1965 undergrov stillinga til Ayub Khan (sjølv om han utnemnde seg sjølv til feltmarskalk), og i 1968 overgav han makta til hærsjefen Yahya Khan.

Ayub Khan døydde i Islamabad i 1974.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mohammad Ayub Khan» frå , den 12. april 2019.

Kategori:Pakistanske presidentar Kategori:Folk frå Haripur Kategori:Pakistanske offiserar