Couldn't You Love You More var det 17. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn. Det kom ut i august 1992 på Permanent Records. Heile albumet bestod berre av nyinnspelingar av eldre Martyn-songar i ny drakt, som regel i den same glatte poprockstilen han nytta gjennom 80-åra og fram til då. Albumet vart gjeve ut utan løyve frå John Martyn sjølv. Martyn var ikkje nøgd med den ferdige innspelinga av desse songane og gjorde mange av dei om att, la til fire songar og tok bort andre og gav albumet ut som No Little Boy året etter.
Phil Collins syng vokal med Martyn på «Sweet Little Mystery», «Could've Been Me» og «Ways to Cry». David Gilmour spelar gitar på «Could've Been Me», «One World» og «Ways to Cry». Gerry Conway spelar trommer på heile albumet.
Vinylutgåva av albumet inneheld berre ti songar og ei seinare CD-utgåve på Universe inneheld ei anna rekkefølgje på songane. Den italienske utgåva kom med eit anna plateomslag.
Innhald
Medverkande John Martyn - vokal, gitar Phil Collins - vokal (spor 3, 5, 11) Alan Darby - gitar (spor 1, 3, 11, 13) David Gilmour - gitar (5, 10, 11) Spencer Cozens - klaverinstrument Alan Thomson - bass Gerry Conway - trommer Jerry Underwood - saksofon (spor 1, 2, 4 to 6, 12 til 14) Barry «Immaculate Fool» Wickens - fiolin (spor 7) Jordan Bailey - røyst (spor 4, 11, 13) Miles Bould - perkusjon (spor 1, 4, 8, 10, 13) Bazil Meade - korvokal (spor 1-7, 9, 11) Jordan Bailey - korvokal (spor 1-7, 9, 11) Samantha Smith - korvokal (spor 1-7, 9, 11)
Teknisk Matt Butler - produsent, miksing (i AIR Studios i London) Geoff Foster - ekstra lydteknikar Greg Sangster - andre lydteknikar Lachlan Mitchell - andre lydteknikar Steve Rooke - mastering i Abbey Road Studios John Hillarby - notat i omslaget Steven D. Schwachter - plateomslag
Kjelder
Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Permanent Records-album