Mari Johanna Kiviniemi () er ein tidlegare finsk politikar for Centern. Ho var finsk statsminister 2010–2011 og partileiar for Centern 2010–2012. I 2014 vart Kiviniemi visegeneralsekretær i OECD.

Bakgrunn Kiviniemi vart fødd i Seinäjoki, og voks opp i bygda Alavalli i Jalasjärvi som dotter av ein kyllingbonde. Som gymnasiast hadde ho eit utvekslingsopphald i Tyskland. Ho flytta til Helsingfors i 1988 for å studera økonomi. Ho har mastergrad i samfunnsvitskap frå Helsingfors universitet frå 1994. I tillegg til morsmålet finsk snakkar ho svensk, tysk og engelsk. Mari Kiviniemi gifta seg i 1996 med forretningsmannen Juha Mikael Louhivuori, som ho har barn med.

Politikk venstre|mini|Dei finske og svenske statsministrane Mari Kiviniemi og Fredrik Reinfeldt i 2010. Kiviniemi vart vald inn i Riksdagen frå Södra Österbotten i 1995. I 2004 vart ho rådgjevar for økonomisk politikk for statsminister Matti Vanhanen, og fungerte deretter som utenrikshandels- og utviklingsminister i Matti Vanhanen si første regjering under Paula Lehtomäkis fødselspermisjon 2005–2006. Kiviniemi var medlem av bystyret i Helsingfors 2005–2012 og kommunalminister i Matti Vanhanen si andre regjering 2007–2010.

I 2010 vart ho vald til ny partileiar i Centern etter Vanhanen, og overtok som statsminister kort tid etter. Centern fekk ikkje auka veljartilslutting ved riksdagsvalet i 2011, og Kiviniemi måtte overlata statsministerposten til Jyrki Katainen frå Samlingspartiet. Centern gjekk i opposisjon, og Kiviniemi vart medlem av Riksdagen sin utanrikskomité. Ho søkte ikkje attval som partileiar i 2012, og trekte seg frå Riksdagen i 2014 for å bli visegeneralsekretær i OECD.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mari Kiviniemi» frå , den 14. april 2019.

Kategori:Statsministrar i Finland