Lifetime er det åttande studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut i 1999. Det var det andre albumet hans på to år, etter å ha vore borte frå musikkindustrien i neste tjue år før det. Han hadde gjeve ut fleire album i 1970-åra, men gav seg med musikken tidleg i 1980-åra då han fekk foreldreretten over dottera si. Han byrja då å studere informatikk og sosiologi ved University of Chicago, der han sidan vart tilsett.

Allmusic kritiserte albumet for å vere for glatt, etter at dei hadde rosa det førre albumet.

Callier gjer ein duett med Beth Orton på «Love Can Do». Callier hadde òg sunge å ein av Orton sine EP-ar eit par år tidlegare.

Albumet nådde 96. plassen på den britiske albumlista.

Innhald

Medverkande Terry Callier - vokal, akustisk gitar Beth Orton - vokal (spor: 8) John McLean - elektrisk gitar (spor: 9) Dave Onderdonk - gitar (spor: 2, 3, 6, 10, 11) Jim Mullen - gitar (spor: 4, 11) Father John Moulder - gitar (spor: 2, 3, 6, 9 til 11) Mark Edwards - elektrisk piano, piano (spor: 4, 6, 11) Michael Kocour - orgel (spor: 3, 6, 10, 12) Eric Hochberg - akustisk bass (spor: 1 til 3, 5, 6, 9 til 11) Dave Barnard - bass (spor: 4, 6, 11) Dave Trigwell - trommer (spor: 4, 6, 11) Morris Jennings - trommer (spor: 1, 2, 9, 11) Paul Wertico - trommer (spor: 3, 6, 10) Bosco D'Olivera - perkusjon (spor: 4, 6, 8, 11) Penn McGee - perkusjon (spor: 1 til 3, 6, 10, 11) Gary Plummley - sopran- (spor 7) og tenorsaksofon (spor 4, 11) Richard Fudoli - tenor- og sopransaksofon (spor 9) Suzanne Palmer - korvokal (spor: 6, 11) Toni Moore - korvokal (spor: 6, 11) Visual Ministry Choir - kor (spor: 11)

Teknisk Produsent: Brian Bacchus Lydteknikarar: Ben Kape (spor: 4, 7, 11), Gus Mosser (spor: 1 til 3, 5, 6, 9, 10, 12), Mike Benn (spor: 8)

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:Terry Callier-album